Hopp til innhold

Lærling, IT-driftsfaget

Arbeidsgiver

Klepp kommune, IKT avdeling

Sted

Kleppevarden 2, 4350 Kleppe

Om jobben

Stillingstittel
Lærling, IT-driftsfaget
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 2. mars

Ønsker du å ha læretida i ein meiningsfull jobb?

Ønsker du å få kjennskap til IT-løysingar i alt frå barnehage og skule, kontorlokaler og teknisk drift til legevakt og sjukeheimar?

Ønsker du å følga utviklinga innan IT, både teknisk og med informasjonssikring og digitalisering?

Heile dette kinder-egget kan du få hjå oss i Klepp!

Frå august 2026 søker me etter lærling innan IT driftsfaget

Klepp er ein mellomstor kommune, der du som lærling får prøva deg på alt. Samstundes vil det og vera mogleg å finna område du er interessert i, og utvikla kunnskapen om dette.

I Klepp arbeider me aktivt med digitalisering, og du vil få vera med på mykje spanande arbeid. Me er òg i gang med å bygga nytt rådhus, kultursal og kyrkje der vår avdeling har med nettverk, print og IT- og AV-utstyr. Kommunen skal flytta inn i desse nye bygga medan du er lærling hjå oss.


Arbeidsoppgåver

  • Installasjon, drift og vedlikehald av system
  • Innkjøp, klargjering og forvalting av utstyr og programvare
  • Arbeid med sikkerheit og feilsøking
  • Utarbeida brukartilpassa dokumentasjon og gje vegleiing
  • Brukarstøtte
  • Deltaking i prosjekt

Kvalifikasjonar

  • Du har bestått VG 1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon
  • Du har bestått VG 2 Informasjonsteknologi, eller er ferdig med dette juni 2026
  • Norsk er arbeidsspråket i Klepp kommune. Du snakkar, les og skriv så godt at du både kan samarbeida med andre og utføra arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
  • Du kan tileigna deg fagstoff og forstå brukarmanualar skrivne på engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du er punktleg og påliteleg og har god ordenssans
  • Du tek personvern, informasjonssikkerheit og etikk på alvor
  • Du er fleksibel, kan samarbeida og kommunisera med andre
  • Du er glad i menneske og trivst med å hjelpa

Vi tilbyr

  • Eit godt og inkluderande kollegafellesskap
  • Ein lærestad som har lang erfaring i å utdanne fagarbeidarar
  • Ei IT-avdeling med brei kompetanse og stor variasjon i arbeidsoppgåver og ansvarsområde
  • Interessante og spennande arbeidsoppgåver
  • Tett og god oppfølging, vegleiing og evaluering, slik at me sikrar at du lærer det læreplanen krev for å bestå fagprøva
  • Lønn i henhold til tariff
  • Mobiltelefon og abonnement med fri mobildata
  • Betalt fri til å ta kjøretimer i arbeidstida
  • Klepp kommune er med i DigiJæren (eit IT-samarbeid mellom kommunane Klepp, Time, Gjesdal og Hå). Lærlingane i desse kommunane vil og møtast og få felles opplæring.

Tilsetting skjer på dei vilkåra og med dei pliktene som kjem fram i utlysinga, og dei lovane og reglane som gjeld til ei kvar tid.

Kontaktinformasjon

Nils Arne Midtun, Digitaliseringssjef, +47 90612659

Arbeidsstad

Kleppevarden 2
4350 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5061272753
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 02.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Nils Arne Midtun

Digitaliseringssjef

+47 90612659

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f644ae01-2dda-4e12-904a-6e4178fe0c35

Sist endret

12. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1d0591a2c8a7472e8572aca196c303de

Lignende annonser