Hopp til innhold

Helsesekretær/sekretær

Arbeidsgiver

Kirurgisk logistikk og kontor SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Oppstart
31. januar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vi søkjer no etter engasjerte og kompetente helsesekretærer/sekretærer.

Sekjsjon kirurgisk logistikk og kontor SNR har to ledige faste 100 % stillinger og eit 100 % vikariat som helsesekretær/sekretær.
Arbeidet vil bestå av blant anna ekspedisjonsarbeid på ortopedisk poliklinikk, kirurgisk poliklinikk og øye poliklinikk. Inntak poliklinikk og oppgåver på dokumentsenter i seksjonen. Vi samarbeidar tett med dei andre kirurgiske faga for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen, der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus.
Du er ein engasjert helsesekretær/sekretær som liker å jobbe i eit effektivt og fagleg sterkt miljø, og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.  

Sjukehuset på Hjelset er ein del av Helse Møre og Romsdal og opna dørene våren 2025. Med topp moderne fasilitetar og pasientforløp i fokus, er vi stolte av å kunne tilby behandling og pleie i eit av landets mest moderne helsebygg. Kirurgisk avdeling har eit breitt spekter av kirurgiske pasientgrupper, og vi er opptekne av tverrfagleg samarbeid, kvalitet og fagleg utvikling.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!

Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande. Startdato frå snarast!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

 

Arbeidsoppgåver

  • Elektronisk pasientadministrativt arbeid som omfattar tilvising og ventelistearbeid, post- og oppgåvemeldingsarbeid, dokumentbehandling
  • Pasientretta arbeidsoppgåver i ekspedisjonar, inntak poliklinikk, og telefon som krev ein god del logistikk.
  • Tett samarbeid med andre faggrupper som omfattar stor grad av kommunikasjon og utføring av oppgåver på tvers 
  • Ta del i utviklninga og forbedringsarbeidet i seksjonen
  • Anna praktisk arbeid i logistikkflyt i seksjonen
  • Anna forefallande arbeid

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Det er ein fordel med kjenneskap til HP.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og ein god relasjonsbyggjar
  • Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
  • Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår
  • Du er fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet
  • Du er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
  • Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
  • Du er fleksibel med tanke på variasjon i tildelte arbeidsoppgåver
  • Å vere personleg eigna vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Cicilie Drågen Frendal, Seksjonsleiar, +47 48209533

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5064430746
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 31.01.2026
Søknadsfrist: 31.01.2026

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

 

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f5ee85c7-bae6-4073-b8d5-b81c897beecf

Sist endret

1. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

675781179c494c3ab75bbd062f358a58

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset