Hopp til innhold

Vil du arbeide med norsk møbeldesign og møbelindustri – ei av Noregs viktigaste designnæringar?

Arbeidsgiver

Stiftinga Viti

Sted

Storgata 18, 6230 Sykkylven

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Kurator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 5. mai

Send søknad til

post@vitimusea.no

Vår førstekonservator ved Møbelmuseet skal gå av med pensjon, og Viti søkjer no etter ein fagleg sterk og engasjert seniorkurator/kurator som skal ta over arbeidet med kunnskapsutvikling, formidling og samlingsutvikling knytt til fagfeltet.

Stillinga som seniorkurator/kurator er plassert i avdeling for kunst og design i Viti, og har sitt faglege tyngdepunkt ved Møbelmuseet i Sykkylven. Der får du ei sentral rolle i å forvalte og utvikle museet sitt arbeid med møbeldesign og -industrihistorie. Samtidig vil du vere del av eit større fagmiljø i Viti og kunne bidra i prosjekt på tvers av musea i organisasjonen.


Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning på master- eller doktorgradsnivå innan kunst- og designhistorie, design, historie eller tilsvarande

  • Dokumentert kunnskap om møbelhistorie, design- eller industrihistorie

  • Erfaring frå museumsarbeid, kuratering, samlingsforvaltning, formidling eller forsking er ein fordel.

  • Erfaring med prosjektleiing og budsjettarbeid

  • God digital kompetanse, gjerne erfaring med Primus

  • Du arbeider strukturert og sjølvstendig, har gode samarbeidsevne og ønskjer å bidra til eit sterkt fagmiljø.

  • Har svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr:

  • Ei spennande og meiningsfull stilling i eit stort museum med nasjonalt og regionalt ansvar for kunst og kulturarv

  • Fagleg dedikerte kollegaer

  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter

  • 100 % fast stilling, 37,5 timar i veka inkl. spisepause.

  • God offentleg tenestepensjon gjennom Kommunal landspensjonskasse - KLP

  • Fleksitid, med kjernetid mellom kl. 1000-1400

  • Fem veker ferie og fire ekstra feriedagar som er lagt til vesle julaftan, julaftan, onsdag i påskeveka og nyttårsafta

Lønsplassering etter tariff, Landsoverenskomst for museer og andre kulturinstitusjonar i samsvar med utdanning og ansiennitet.

Heimla i Politiregisterforskrifta § 34-16 om personar som skal utføre oppgåver i kulturinstitusjonar vil Viti krevje politiattest før tilsetting i stillinga.

Viti har arenaer fleire stader på Sunnmøre, og noko reiseverksemd må påreknast. Sidan kollektivtilbodet varierer vil det vere ein fordel om søkjaren har førarkort.

Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør for kunst og design i Viti. Kontorstad er ved Møbelmuseet i Sykkylven, med møteverksemd og anna ved Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund sentrum etter avtale.

Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.

Søknadsfrist: 5. mai 2026
Send søknad og CV til: post@vitimusea.no
Merk søknaden "Kurator"

Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.

Kontaktperson for stillingen

Benedikte Holen

Avdelingsdirektør

benedikte@vitimusea.no

Om bedriften

Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim, med 63 tilsette. Viti driftar og forvaltar Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, Fiskerimuseet i Ålesund, Sunnmøre museum i Ålesund, Middelaldermuseet i Ålesund, Naturmuseet i Sykkylven, Møbelmuseet i Sykkylven, Sivert Aarflot-museet i Volda, Anders Svor-museet i Hornindal, Brudavolltunet i Ørsta, Folkemusikkarkivet og ei rekkje flytande kulturminne, mellom anna bankskøyta Storeggen av Aalesund og Shetlandsbussen Heland. Viti er ein del av Kystverkmusea og The Réseau Art Nouveau Network.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f58aead7-6829-4469-872a-e09e3f75eefa

Sist endret

27. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

f58aead7-6829-4469-872a-e09e3f75eefa

Lignende annonser

Laster lignende annonser