Hopp til innhold

Vil du jobbe med drift av energianlegg?

Arbeidsgiver

Hordaland Bioenergi AS

Sted

Brynalii 66, 5705 Voss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Driftsoperatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Vil du jobbe med drift av energianlegg -- og vere med å sikre stabil og framtidsretta infrastruktur i regionen?

Hordaland Bioenergi AS utviklar, byggjer og driftar energianlegg og tilhøyrande infrastruktur.

Vi leverer stabil og miljøvenleg energi til kundar i regionen, og arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle løysingar for framtidas energibehov.

Selskapet inngår i Voss Energi-konsernet, og gir ein trygg arbeidsplass med lokal forankring og eit større fagmiljø i ryggen.

No søkjer vi ein driftsoperatør som vil få ei viktig rolle i den daglege drifta og vidare utviklinga av anlegga våre.

Kva går jobben ut på?

Du vil ha ansvar for å sikre stabil drift av anlegga våre -- frå dagleg oppfølging til feilsøking og vidare utvikling.

Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

  • Drift og tilsyn av energianlegg

  • Feilsøking og utbetring av tekniske problem

  • Planlegging og gjennomføring av vedlikehald

  • Oppfølging av brensel og innsatsfaktorar

  • Overvaking og analyse av driftsdata

  • Bidra til optimalisering av drift og energiproduksjon

  • Kundekontakt knytt til anlegg og leveransar

  • Aktiv deltaking i HMS-arbeid

Kven ser vi etter?

Nokon som har nokre av desse kunnskapane:

  • Fagbrev eller relevant erfaring innan elektro, automasjon, mekaniske fag eller tilsvarande

  • Erfaring frå drift av tekniske anlegg

  • Interesse for styring, automasjon og dataverktøy

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert

  • Gode samarbeidsevner og ein praktisk tilnærming til problemløysing

  • Gode norsk- og engelskkunnskapar

  • Førarkort klasse B

  • Gjerne erfaring med bruk av hjullastar

Kvifor jobbe hos oss?
  • Du får ein viktig rolle i drift av kritisk lokal infrastruktur

  • Du jobbar tett på konkrete anlegg og resultat

  • Du blir del av eit lite og kompetent fagmiljø

  • Du får moglegheit til å påverke og utvikle drifta vidare

  • Ein fleksibel arbeidskvardag der du i stor grad styrer eigen dag

  • Du får tryggleik gjennom eit solid konsern

  • Konkurransedyktige vilkår

Praktisk informasjon

Arbeidsstad: Voss / region Oppstart: Etter avtale

Det må påreknast deltaking i vaktordning.

Søknad

Send kortfatta søknad og CV til post@hbio.no

Har du spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt.

Om bedriften

Hordaland Bioenergi AS utviklar, byggjer og driftar energianlegg og tilhøyrande infrastruktur.

Vi leverer stabil og miljøvenleg energi til kundar i regionen, og arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle løysingar for framtidas energibehov.

Selskapet inngår i Voss Energi-konsernet, og gir ein trygg arbeidsplass med lokal forankring og eit større fagmiljø i ryggen.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f47e0d8a-18e8-4893-814c-6081794b88d8

Sist endret

15. juni 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

464009703

Lignende annonser

Laster lignende annonser