Hopp til innhold

Kunderådgjevar personmarknad

Arbeidsgiver

Luster Sparebank

Sted

Øyagata 2, 6868 Gaupne

Om jobben

Stillingstittel
Kunderådgjevar personmarknad
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 18. oktober

Vil du hjelpe kundane våre med å ta gode økonomiske val og realisere draumane sine?

Luster Sparebank er ein sjølvstendig bank med nærleik til kundane og lokalsamfunnet rundt oss. No vil me styrke laget med ein kunderådgjevar som trivst i møte med menneske, og blir motivert av å finne løysingar som gir økonomisk tryggleik og handlingsrom. Gjennom personleg rådgjeving får du høve til å bygge tillit og langsiktige relasjonar, med både nye og eksisterande kundar.

Arbeidsoppgåver

Som rådgjevar på personmarknaden vil du få ansvar for eiga kundeportefølje og tett oppfølging av kundane dine. Du vil mellom anna hjelpe kundar med bustadfinansiering og andre finansieringsbehov, og følgje dei frå første samtale til ferdig løysing.

Me søkjer primært etter ein rådgjevar innan utlån, men hjå oss får du også høve til å arbeide med og utvikle kompetansen din innan sparing og forsikring.

For oss handlar god rådgjeving om meir enn produkt og tal. Me ynskjer å kjenne kundane våre og vere ein rådgjevar dei kan stole på gjennom ulike fasar av livet. Slik kan me bidra til økonomisk tryggleik og hjelpe kundane med å nå måla sine, i tråd med visjonen vår: «Saman når me måla dine!»

Ynskjelege kvalifikasjonar

Me ser etter deg som:

  • Har relevant høgare utdanning innan økonomi, finans eller tilsvarande

  • Har god økonomisk forståing og interesse for personleg økonomi

  • Kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg

  • Gjerne har erfaring med finansiering eller kunderådgjeving

  • Gjerne har relevante autorisasjonar frå Finaut

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar er viktige for oss. Me ser etter deg som er initiativrik, løysingsorientert og tillitsskapande. Du tek ansvar for kundane dine, samstundes som du likar å samarbeide med andre og bidreg positivt til laget og arbeidsmiljøet.

Me kan tilby
  • Ei sentral rolle i ein sjølvstendig sparebank

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med stor kundekontakt

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og godt samhald

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.

  • Konkurransedyktige vilkår, fleksitid og gode velferdsordningar

Bli med på å utvikle Luster Sparebank vidare, der gode løysingar og service til kundane står i fokus!

Om bedriften

Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo. Banken skal vere ein god og løysingsorientert medspelar som bidreg til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisere sine draumar i tråd med visjonen - «Saman når me måla dine!».

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f45ca91b-25ed-4c6a-8609-75ffb8a0b370

Sist endret

2. oktober 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

477718843

Lignende annonser

Laster lignende annonser