Hopp til innhold

Eigedomslandmålar

Arbeidsgiver

Luster kommune Forvaltning og utvikling

Sted

Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne

Om jobben

Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

Vil du vera med på å byggje eit nytt fagmiljø for kart, oppmåling og GIS i Sogn?

Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal etablerer frå 1. januar 2027 eit interkommunalt samarbeid om kart, oppmåling og GIS. Luster er vertskommune.

Me søkjer ein eigedomslandmålar til 100 % mellombels stilling i to år. Stillinga kombinerer vikariat med prosjektoppgåver. Kontorstaden er rådhuset i Gaupne, medan arbeidsoppgåvene kan omfatta alle dei fem kommunane.

Stillinga skal særleg bidra til å ta att etterslepet av oppmålingssaker i Luster kommune og heve kvaliteten på opplysningane i matrikkelen. Samstundes vil du utføre oppgåver for dei andre samarbeidskommunane og bidra til å utvikle felles rutinar i det nye samarbeidet.

Du får ein variert arbeidskvardag med oppmålingsarbeid ute, sakshandsaming og kontakt med grunneigarar og kollegaer. Det nye samarbeidet får ni fagtilsette: tre innan kart og GIS, inkludert fagansvarleg, og seks innan oppmåling og matrikkel, inkludert fagansvarleg. I tillegg kjem einingsleiar. Du vert dermed del av eit større fagmiljø som skal lever tenester til alle dei fem kommunane.

Arbeidsoppgåver
  • Planleggje og gjennomføre oppmålingsforretningar etter matrikkellova.
  • Sakshandsame eigedomssaker og føre opplysningar i matrikkelen, i samsvar med kompetanse og godkjenning.
  • Arbeide med kvalitetsheving i matrikkelen.
  • Rettleie grunneigarar, tiltakshavarar og andre brukarar.
  • Gje fagleg bistand til plan, byggjesak og andre kommunale fagområde.

Den nærare fordelinga mellom løpande oppgåver og prosjektarbeid vert tilpassa kompetansen din og behova i samarbeidet. Det må påreknast reiseverksemd og feltarbeid i samarbeidskommunane.

Kvalifikasjonar

Me ønskjer primært ein autorisert eigedomslandmålar med relevant høgare utdanning. Søkjarar med relevant bachelor- eller mastergrad som er i gang med, eller ønskjer å kvalifisere seg for, autorisasjon, er også velkomne til å søkje. Om naudsynt ved tilsetjing vil me leggje til rette for rettleiing og mentoroppfølging i samband med autorisasjon.

Me ønskjer at du har:

  • God kunnskap om eigedomsfag, tingsrett og matrikkellova.
  • Kjennskap til plan- og bygningslova og eigarseksjonslova.
  • Erfaring med oppmålingsforretningar og moderne oppmålingsutstyr.
  • Kompetanse innan GIS og bruk av geodata.
  • Godkjenning for matrikkelføring, eller føresetnad for å oppnå dette.
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Førarkort klasse B.

Erfaring frå kommunal forvaltning er ein fordel.

Eigenskapar me legg vekt på
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og legge vekt på fagleg kvalitet. Du må kunne kommunisere godt med grunneigarar og andre partar, også når det er ulike syn på grenser og rettar.
  • Du må kunne samarbeide godt med andre, dele kunnskap og bidra til å utvikle eit felles fagmiljø.
  • Personlege eigenskapar vert tillagde vekt.

 Me kan tilby

  • Ei sentral fagrolle i eit nytt interkommunalt samarbeid.
  • Varierte oppgåver i fem kommunar med ulike eigedomstilhøve.
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og relevant kompetanseheving.
  • Tilgang til tenestebil, oppmålingsutstyr og fagprogramvare.
  • Fleksitidsordning.
  • Løn etter avtale.
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Kontorstaden Gaupne ligg inst i Sognefjorden, om lag 25 minutt frå Sogndal. Her finn du gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og kort veg til fjell, fjord og friluftsliv.
Andre opplysningar 
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ole Gunnar Krakhellen

+47 92648081

ole.gunnar.krakhellen@luster.kommune.no

Om bedriften

Luster kommune ligg inst i Sognefjorden og er arealmessig blant dei aller største kommunane i Sør-Noreg. Kommunen rommar både mektige tindar, djupe fjordar og snødekte brear. Folketalet nærmar seg 5500 innbyggjarar. Det er eit allsidig næringsliv med vekt på vasskraftproduksjon, landbruk og bærdyrking, reiseliv og turisme, innovativ profilering- og trykkeriverksemd. Kommunesenteret Gaupne ligg rundt 25 minutt frå regionsenteret Sogndal. Luster har mange levande bygder og aktive lokalsamfunn. Det er eit godt og breitt kommunalt tenestetilbod. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0b27345b-bea2-4e1c-a0e7-4ba30a012cfb

Sist endret

5. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3675981_223057_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser