Hopp til innhold

Beredskapskoordinator

Arbeidsgiver

Luster kommune Forvaltning og utvikling

Sted

Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

Vil du vere med på å styrkje samfunnstryggleiken og beredskapen i Luster?

Me opprettar no fast 100% stilling for å styrkje det systematiske beredskapsarbeidet.

Som beredskapskoordinator vil du arbeide med førebygging, planlegging og utvikling av kommunen sin beredskap. Du får ei sentral rolle i å gjere kommunen betre førebudd på uønska hendingar og sikre at me lærer av øvingar og erfaringar.
Luster er ein stor kommune med fjord, fjell, brear og spreidd busetnad. Naturfare, vêrhendingar og sårbar infrastruktur er viktige tema i beredskapsarbeidet vårt. Samstundes gjer eit meir alvorleg internasjonalt trusselbilete og aukande digitale truslar at kommunen må vere førebudd på fleire typar hendingar. Svikt i digitale tenester, bortfall av straum og kommunikasjon og forstyrringar i forsyningar kan få store konsekvensar for kommunen sine tenester og innbyggjarane. Beredskapsarbeidet skal bidra til at me kan oppretthalde viktige funksjonar også ved langvarige og samansette hendingar. 
Du vil samarbeide tett med kommuneleiinga, fagmiljøa og tenestene i kommunen, og med andre kommunar og eksterne beredskapsaktørar.


Arbeidsoppgåver

Som beredskapskoordinator skal du samordne og drive fram kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Du skal støtte leiarane og tenestene i deira beredskapsansvar og bidra til at planverk, rutinar og øvingar fungerer i praksis.

Sentrale oppgåver:

  • leie arbeidet med heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse og følgje opp tiltak
  • halde overordna beredskapsplanverk oppdatert og sikre samanheng med planane i tenestene
  • planleggje og gjennomføre øvingar, opplæring og evalueringar
  • følgje opp læringspunkt etter hendingar og øvingar
  • støtte og bidra til kommunen si kriseleiing ved førebuing og handtering av hendingar
  • leggje til rette for arbeidet i kommunen sitt beredskapsråd
  • vere kontaktpunkt mot Statsforvaltaren og delta i det regionale beredskapssamarbeidet i Sogn
  • utvikle samarbeidet med naudetatane, frivillige organisasjonar og andre relevante aktørar
  • bidra til god informasjon om eigenberedskap og førebyggjande tiltak til innbyggjarane
  • førebu saker og avgjerdsgrunnlag for administrativ og politisk leiing.
  • samarbeide med kommunen sitt IKT-miljø og andre relevante aktørar om beredskap ved digitale hendingar og bortfall av kritiske tenester
  • koordinere arbeidet med kontinuitetsplanlegging, slik at kommunen kan oppretthalde viktige tenester ved langvarige avbrot og mangel på personell, utstyr eller forsyningar.

Stillinga vil også omfatte koordinering av kommunen sitt tilsyn og oppfølging av elveførebyggingar. Oppgåver knytte til flaumsikring i Gaupne kan bli lagde til stillinga, det same gjeld beredskap i tette trehusmiljø og samarbeid om beredskap rundt verdsarven og Urnes stavkyrkje.

Den endelege oppgåvefordelinga vert tilpassa kommunen sine behov og kompetansen til den som vert tilsett.

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som har:

  • relevant høgare utdanning, til dømes innan samfunnstryggleik og beredskap, offentleg forvaltning eller tekniske fag
  • kunnskap om risiko- og sårbarheitsanalysar, beredskapsplanlegging og krisehandtering
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • god digital kompetanse
  • førarkort klasse B

Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.

Det er ein fordel om du har erfaring med beredskapsarbeid, øvingar eller krisehandtering. Kjennskap til kommunal forvaltning, naturfare, flaumsikring eller arbeid med teknisk infrastruktur vil også vere relevant.

 

Personlege eigenskapar

Du arbeider strukturert og sjølvstendig, og evnar å omsetje overordna krav og mål til konkrete oppgåver. Du tek initiativ, følgjer opp det som er avtalt og får arbeidet framover i samarbeid med andre.

Du må kunne byggje tillit på tvers av fagområde og organisasjonar, formidle tydeleg og halde oversikt i krevjande situasjonar. Me legg stor vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

 

Me kan tilby
  • ei nyoppretta stilling med høve til å forme og utvikle beredskapsarbeidet i kommunen
  • varierte og meiningsfulle oppgåver med stor verdi for lokalsamfunnet
  • tett samarbeid med kommuneleiinga og engasjerte fagmiljø
  • deltaking i eit regionalt beredskapsnettverk
  • høve til fagleg utvikling
  • løn etter avtale/gjeldande tariffavtale
  • offentleg pensjonsordning og gode forsikringsordningar

Stillinga er lagd til forvaltning og utvikling, med kontorstad på rådhuset i Gaupne. Ved større hendingar og øvingar kan det bli nødvendig med arbeid utanom ordinær arbeidstid.

Andre opplysningar 
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ole Gunnar Krakhellen

+47 92648081

ole.gunnar.krakhellen@luster.kommune.no

Om bedriften

Luster kommune ligg inst i Sognefjorden og er arealmessig blant dei aller største kommunane i Sør-Noreg. Kommunen rommar både mektige tindar, djupe fjordar og snødekte brear. Folketalet nærmar seg 5500 innbyggjarar. Det er eit allsidig næringsliv med vekt på vasskraftproduksjon, landbruk og bærdyrking, reiseliv og turisme, innovativ profilering- og trykkeriverksemd. Kommunesenteret Gaupne ligg rundt 25 minutt frå regionsenteret Sogndal. Luster har mange levande bygder og aktive lokalsamfunn. Det er eit godt og breitt kommunalt tenestetilbod. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5c97ad75-96fc-4e83-9d4f-5b8efbc358b0

Sist endret

9. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3676701_223057_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser