Hopp til innhold

Landbruksrådgjevar

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Landbruk

Sted

Riverdalen 5, 6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. desember

Vil du vere med og utvikle landbruket i Sogn?

Likar du å jobbe med landbruk, og vil du ha ein jobb der du både får bruke fagkunnskapen din og vere med på å utvikle næringa?

Me ser etter ein landbruksrådgjevar til avdeling for landbruk og miljø i Sogndal kommune, i eit årsvikariat.

Sogndal er ein stor jordbrukskommune med omfattande frukt-, bær- og husdyrproduksjon og over 260 aktive bønder.

Hjå oss får du jobbe tett på både bønder og innbyggjarar, med oppgåver innan rådgjeving, forvalting og utvikling av landbruket. Du får òg vere med på å forvalte og nytte landbruksressursane våre.

Kva skal du jobbe med?
Som landbruksrådgjevar får du ein kombinasjon av faglege, administrative og utviklingsretta oppgåver.

Arbeidsoppgåvene omfattar:

  • Forvalting av jordbruksfaglege lover og forskrifter.
  • Forvalting av statlege og regionale tilskotsordningar.
  • Viltforvaltning.
  • Rådgjeving og førstelinjeteneste for bønder og innbyggjarar i Sogndal kommune.
  • Prosjekt- og utviklingsarbeid retta mot landbruket i Sogn.

Om ynskjeleg kan stillinga òg innehalde arbeid med hjorteforvalting og utmarksforvalting.

Kva får du hos oss?
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av landbruksnæringa i kommunen.
  • Mykje kontakt med innbyggjarane og eit arbeid tett på landbruket i Sogn.
  • Ein jobb med både forvalting og utviklingsarbeid, i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.
  • Løn etter avtale.

Kven ser me etter?
Me ser etter deg som har interesse for landbruk og trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre.

Det er ynskjeleg at du har:

  • Relevant høgare utdanning.
  • Erfaring frå offentleg forvalting eller landbruksrådgjeving. Dette er ein fordel.

Du må ha førarkort klasse B.

Kva eigenskapar er viktige i jobben?
Me ser etter deg som jobbar strukturert og effektivt, likar å finne løysingar og samarbeider godt med andre.

Du er serviceinnstilt, omgjengeleg og trivst med å vere i dialog med folk. Du har evne til å sikre god framdrift og godt fagleg innhald i arbeidet ditt.

Det er òg viktig at du kan tileigne deg ny kunnskap og har god forståing for rolla di. Me legg vekt på dei personlege eigenskapane dine.

Litt om Sogndal kommune
Sogndal kommune har om lag 12 000 innbyggjarar og 1150 medarbeidarar. Sogndal er regionsenteret i Sogn, med nærleik til både naturen og det meste du treng i kvardagen.

Her kan du kombinere ein jobb innan landbruk og miljø med eit liv tett på naturen, i ein kommune som er stor nok til mangfald og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik.

Mangfald og offentleg søkjarliste
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, der dei tilsette speglar folkesetnaden elles.

Me oppmodar alle kvalifiserte til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i Sogndal kommune er nynorsk. Alle nytilsetjingar har ei prøvetid på seks månader.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde etter offentleglova § 25 andre ledd, sjølv om du har bede om å bli unnateken frå offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Søknaden må sendast innan fristen gjennom rekrutteringssystemet vårt, EasyCruit.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Olav Øyrehagen

47663134

olav.oyrehagen@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

492d37f9-6949-4e88-8cde-d81188f8e8bf

Sist endret

18. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3680051_233937_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser