Ringjevikar badevakt i Klepphallen
Byggdrift idrettsbygg, Klepp kommune
Stasjonsvegen 26A, 4350 Kleppe, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ringjevikar badevakt
Type ansettelse
Sesong, deltid 0%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 31. desember
Bli ein del av teamet i Klepphallen, vi søkjer ringjevikarer!
Ønskjer du ein fleksibel og meiningsfull jobb der du kan kombinere arbeid med studiar eller annan jobb? Klepphallen tilbyr ei unik arbeidsoppleving prega av samhald, tryggleik og moglegheit å få arbeidserfaring. Vi søkjer engasjerte ringevikarar til ulike oppgåver i klepphallen, med arbeidsoppgåver som badevakt, billettsalg, kundeservice og reinhald i samband med offentleg bading. Vi ønskjer at du har moglegheit til å jobba kveldar og helgar, gjerne på kort varsel.
Du vil inngå i eit team som har ansvar for tryggleik, hygiene og trivsel for våre badegjester. Som ringjevikar vil du vere ein del av vårt fasta turnusopplegg med arbeidsøkter på kveld og helg – perfekt for deg som vil ha ekstra inntekt. Dersom du er på jakt etter ein jobb der du kan kombinera fleksibilitet med meiningsfullt arbeid, er Klepphallen plassen du bør søkje!
Me håpar du skriv ein søknad snarast slik at du er på plass før sesongstart i midt av august.
Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysing. Det vil bli sendt ut melding om at søknaden er motteken, men det vil ikkje bli sendt avslag. Kommunen tek kontakt dersom/når det er behov for fleire vikarar.
Arbeidsoppgåver
- Billettsal og kundeservice
- Tilsyn ved offentleg bading
- Enkel administrative oppgåver
- Følgje gjeldande HMS-rutinar og arbeidsbeskrivingar
- Enkle tilsynsoppgåver og etterkvært teknisk drift
- Reinhald
Kvalifikasjonar
- Du må bestå ei badevaktprøve, med dykk ned på djupaste del (3,8m) i bassenget. Opplæring vil bli gitt. - Grunna arbeidsoppgåvene er god fysisk form viktig.
- Grunnleggande datakunnskapar.
- Må meistre norsk flytande både skriftleg og munnleg.
- Den som blir tilsett må kunne leggja fram politiattest jf. Opplæringslova
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- Du har godt humør, er fleksibel, og ikkje redd for å ta i eit tak
- Du er trygg i vatn og grunnleggjande symjeferdigheiter
- Du har gode kommunikasjonsevner - Bidra til å gjæra kollegaene dine gode og gi kollegastøtte
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidstid – perfekt for deg som studerer eller har annan jobb
- Variert og sosialt arbeidsmiljø
- Variert og meiningsfullt arbeid – bidra til tryggleik og trivsel i lokalsamfunnet
- Støttande og inkluderande arbeidsmiljø – bli del av eit team som set pris på samhald og samarbeid
- Moglegheit for personleg og fagleg utvikling – få opplæring og erfaring innan ulike arbeidsområde
- Gode forsikrings- og pensjonsordninger
- Gratis parkering
- Treningstilskudd og bedriftsidrettslag
- Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
- Bedriftskunstforening
- Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.Godt arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel
Kontaktinformasjon
Thor Gunnar Bore, +47 99580587Arbeidsstad
Stasjonsvegen 26A4350 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4970247748
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 31.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Thor Gunnar Bore
+47 99580587
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2945003
- Hentet fra
talentech
- Referanse
40cd12da55c44bbea1702b271718d3f4