Hopp til innhold

Ringevikar barnehage

Arbeidsgiver

Klepp kommune

Sted

Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp Stasjon

Om jobben

Stillingstittel
Ringevikar barnehage
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 31. desember

Vi søkjer ringevikarar til dei kommunale barnehagane i Klepp kommune, både for korte og lengre vikariat.

Vi leitar etter ein påliteleg, samarbeidsvillig og ansvarsbevisst person som ønskjer å vere ringevikar hos oss. Som vikar vil du vere ein viktig ressurs i kvardagen, og du må trivast med å møte nye barn og vaksne – ofte på kort varsel. Vi set stor pris på fleksibilitet, gode samarbeidsevner og ei profesjonell tilnærming til både små og store oppgåver.

Arbeidsmengda vil variere frå veke til veke, avhengig av behovet i barnehagen. Nokre veker kan du få mange vakter, medan andre veker kan vere rolegare.

Før oppstart må du leggje fram politiattest av nyare dato.

Dette er ikkje ei ordinær stillingsutlysing. Du vil få ei stadfesting på at vi har motteke søknaden din, men det blir ikkje sendt ut avslag.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i det daglege arbeidet på avdelinga
  • Bidra til omsorg, leik og aktivitetar for barna
  • Støtte barna i rutinar som måltid, påkledning og kviletid
  • Medverke til eit trygt og godt miljø
  • Utføre praktiske oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Evne til å skape tryggleik og gode relasjonar til både barn og vaksne
  • Gode samarbeidsevner og vilje til å bidra i eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Fleksibel og tilgjengeleg på kort varsel
  • Ansvarsbevisst, strukturert og påliteleg
  • God norsk munnleg framstillingsevne. Du bør ha bestått språktest B1.
  • Personleg eigna for arbeid i barnehage
  • Kan tilpasse seg ulike avdelingar, arbeidsoppgåver og behov
  • Evne til å handtere ein aktiv og variert kvardag
  • Ha fylt 18 år

Personlege eigenskapar

  • Har ein trygg og roleg framtoning i møte med barn
  • Evne til å skape gode relasjonar og bidra til eit positivt miljø
  • Løysingsorientert og i stand til å handtere uventa situasjonar 
  • Fleksibel og tilpassingsdyktig i ein variert arbeidskvardag
  • Strukturert og ansvarsbevisst
  • Sjølvstendig, men også god til å samarbeide
  • Motivert for å bidra der behovet er størst
  • Stabil og påliteleg i oppmøte og arbeidsutføring
  • Stillinga krever politiattest ved ansettelse

Vi tilbyr

  • Lønn etter tariff og ansiennitet.
  • Kontaktinformasjon

    Monika Schrøder, Personalkonsulent, +47 40201836

    Arbeidsstad

    Bedriftsvegen 4
    4353 KLEPP STASJON

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Klepp kommune

    Referansenr.: 5056044128
    Stillingsprosent: 0%
    Vikar
    Søknadsfrist: 31.12.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Monika Schrøder

    Personalkonsulent

    +47 40201836

    Om bedriften

    Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

    Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

    Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

    Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    064e2909-7203-43ff-b417-a55aa6102f57

    Sist endret

    2. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    91d54930946b488d9572831ea1c522d9

    Lignende annonser