Hopp til innhold

Planleggingsleiar/arealplanlegger

Arbeidsgiver

Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Julsundvegen 9, 6412 Molde, Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N, Borgundvegen 340, 6009 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Planleggingsleiar/arealplanlegger
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest torsdag 26. mars

Møre og Romsdal har 314 kilometer fylkesveg – like langt som ein køyretur frå fylket vårt og heilt til Roma. Langs desse vegane jobbar vi kvar dag med drift, vedlikehald og utvikling, og dei neste fire åra skal vi investere over 2 milliardar kroner i ny infrastruktur. Alle større prosjekt som krev reguleringsplan, treng ein planleggingsleiar som kan drive planarbeidet etter plan- og bygningslova. Vi gjennomføre planprosjektet internt, og kjøper også teneste eksternt. Av den grunn vil også oppfølging av konsulentavtalar vere ein del av di oppgåveportefølje.
 
Vi arbeider for tida med fleire store prosjekt, mellom anna ferjeavløysing, nye bruer og vegstrekningar. Disse krev reguleringsplanar som grunnlag for ny bygging. Kvar i fylket planarbeidet skal gjerast, blir styrt etter vedtatt økonomiplan og investeringsprogram. I komande fireårsperiode ligg dei fleste prosjekta på Sunnmøre. Du kan likevel velje kontorstad sjølv (Ålesund, Molde eller Kristiansund), men må rekne med noko reising i samband med befaringar, møter og samarbeid både internt og eksternt.
 
I vår prosjektportefølje er det ein auke i prosjekt som no krev reguleringsplan. Derfor søkjer vi to planleggingsleiarar. Prosjekta er komplekse, og vi treng folk som kan jobbe sjølvstendig, har god rolleforståing og solid kunnskap om planprosessar etter plan- og bygningslova. Vi ser derfor i fyrste rekke etter kandidater med seniorerfaring.

Arbeidsoppgåver

Som planleggingsleiar vil du ha ansvar for å leie planprosessar etter plan- og bygningslova frå start til slutt, kor sluttproduktet er ei ferdig vedtatt reguleringsplan i kommunen. Dette inneber mellom anna å:

vere leiar for planprosessen – for kommunedelplan eller detaljreguleringsplan
leie den tverrfaglege prosjektgruppa, sikre framdrift og leveranse.
ha tett dialog med kommunar, offentleg myndigheiter og ramma parter.
styre konsulentar og kvalitetssikre leveransar
utarbeide planomtale og planføresegn
ha økonomiansvar for prosjektet

Kvalifikasjonar

- Har relevant utdanning på bachelor eller master nivå.

- Minst 5 års relevant arbeidserfaring og god kunnskap om planprosessar etter plan og bygningslova.

- Gode skriftlege og munnelge kommunikasjonsevner på norsk

- Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar


- Er god til å leggje fram komplekse prosessar på ein lettfatteleg måte for avgjerdsmyndigheit, anna offentleg myndigheit og berørte partar/interessentar. 
- Er systematisk, resultatorientert og trygg i å krevje leveranse frå andre.
- Er sjølvstendig og finn på eige initiativ løysingar i komplekse prosjekt

Vi tilbyr

- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

John Hauger, Seksjonsleiar plan og trafikk , 41298652, john.hauger@mrfylke.no
Anna Myrstad Strand, Teamleiar plan og trafikk, 92808150, anna.myrstad.strand@mrfylke.no

Arbeidsstad

Fosnagata 12
6509 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5090333241
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Anna Myrstad Strand

Teamleiar plan og trafikk

92808150

anna.myrstad.strand@mrfylke.no

John Hauger

Seksjonsleiar plan og trafikk

41298652

john.hauger@mrfylke.no

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.

FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte 

Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.

Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder. 

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f39c08a7-4057-47ce-be09-2238c9dccd32

Sist endret

5. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c965788dd5d64b22a521274fc38ade4e

Lignende annonser

Avdelingsleder plan og prosjekt

Arbeidsgiver

Kristiansund kommune Kommunalteknikk

Sted

Kristiansund N

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Molde