Vil du vere med og utvikle fagmiljøet ved Nav Bergen vest?
Nav Bergen vest
Loddefjordveien 2, 5171 Loddefjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagansvarlig
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. oktober
Nav Bergen vest gir tenester til innbyggjarane i Fyllingsdalen og Laksevåg. Vi held til i sentrale og nyoppussa lokale på Vestkanten storsenter. Kontoret består av om lag 130 kommunale og statlege tilsette som samarbeider tett, både internt og med dei andre bydelskontora i Nav region Bergen. Hos oss blir du ein del av eit stort fagmiljø med høge ambisjonar for kvalitet, læring og gode resultat.
Vi søkjer no ein engasjert medarbeidar til ei fast stilling som fagansvarleg.
Stillinga er delt mellom fagansvar (70 %) og oppfølging av eigne brukarar (30 %). Fagansvaret omfattar heile det statlege tenesteområdet ved kontoret. Dette gir ei brei og variert rolle med gode moglegheiter til å påverke kompetanseutvikling, arbeidsprosessar og tenestekvalitet. Samstundes vil du ha ansvar for eiga brukarportefølje og bidra til at fleire kjem i arbeid, aktivitet eller utdanning.
Du blir ein av to fagansvarlege ved kontoret og vil, saman med kollegaen din, ha ei sentral rolle i fagutvikling, opplæring og kvalitetsarbeid. De vil arbeide tett saman og vere viktige støttespelarar for både leiarar og medarbeidarar.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du kan vere med og gjere ein forskjell for menneske som treng støtte på vegen vidare.
Kva går jobben ut på?
- planleggje og gjennomføre opplæring for nye og etablerte medarbeidarar
- formidle fagstoff, regelverksendringar og nye arbeidsmåtar på ein tydeleg, engasjerande og pedagogisk måte
- vere fagleg støttespelar for leiarar og kollegaer
- sikre informasjonsdeling, kompetansedeling og læring på tvers av kontoret
- samarbeide tett med den andre fagansvarlege, leiargruppa og regionale fagmiljø
- vere pådrivar for fagleg utvikling, kvalitetsforbetring og implementering av nye arbeidsmåtar
- oppfølging og rettleiing av eiga brukarportefølje
Det kan bli endringar i ansvar og arbeidsoppgåver.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha- fullført utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet
- brei fagleg erfaring frå Nav sine statlege tenesteområde, og god kunnskap om relevant lovverk, sakshandsaming og arbeidsprosessar
- erfaring med rettleiing og oppfølging av brukarar
- evne til å formidle komplekst fagstoff på ein pedagogisk, tydeleg og engasjerande måte
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- erfaring med opplæring, fagleg rettleiing eller kompetansedeling
- erfaring med Nav sine fagsystem, og digital kompetanse som gjer at du raskt kan setje deg inn i ulike digitale system
- kunnskap om Lean og prosessar for kontinuerleg forbetring
Kven er du?
- ein pådrivar og støttespelar
- sjølvstendig
- god til å samarbeide og skape engasjement for endring
- trygg på å ta faglege avgjerder i krevjande situasjonar
- pedagogisk og motivert av å lære opp og utvikle andre
Kvifor velje oss?
- ei sentral rolle med stor moglegheit til å påverke fagleg kvalitet, læring og utvikling ved kontoret
- eit fagmiljø med høge ambisjonar for tenesteutvikling og gode resultat
- fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og ein time trening i arbeidstida
- stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgjevar. Lønsspennet er frå kr. 694 000 til 760 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Erik Ottesen, avdelingsleder, 99037851Ingvild Haugland, fungerende enhetsleder, 93209972
Arbeidssted
Loddefjordveien 25171 Loddefjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5191446665
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Ingvild Haugland
fungerende enhetsleder
93209972
Erik Ottesen
avdelingsleder
99037851
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f388911a-8923-4406-ad6a-f660438aad48
- Sist endret
16. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3494e90c5b8444ecbd413d22b257ece8