Hopp til innhold

Rådgjevar/Spesialkonsulent

Arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune Avdeling for opplæring og kompetanseSeksjon for inntak, forvaltning og sluttvurdering 

Sted

Lars Hilles gate 21, 5008 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar/Spesialkonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 1. desember

Har du lyst til å vere med å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland?
Vi søkjer deg som er systematisk, analytisk, løysingsorientert, har gode samarbeidsevner, og som vil vere med å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland.

Vestland fylkeskommune skal gje ungdom og vaksne vidaregåande opplæring med høg kvalitet. Den vidaregåande opplæringa skal bidra til berekraftig forvaltning av ressursar og til gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde gjennom mellom anna eit breitt og likeverdig opplæringstilbod. Fullføringsreforma skal bidra til at ungdom og vaksne vert kvalifisert til å møte krav i vidare utdanning og arbeidsliv, og at dei kan oppdatere sin kompetanse gjennom hele livet. Vestland fylkeskommune skal gje elevar, læringar og vaksne vidaregåande opplæring som er prega av meistring, motivasjon og læring som gjev relevant kompetanse til vidare utdanning og arbeid.

Kvar dag får 30 000 ungdommar og vaksne opplæring i skule og bedrift. Fylket har 40 vidaregåande skular, fagskule, produksjonsskule og folkehøgskule, vi er omlag 5000 tilsette.

Når ungdom og vaksne søker skuleplass eller skal ut i lære, er det seksjon inntak, forvaltning og sluttvurdering som handterer dette. Seksjonen administrerer alt inntak til vidaregåande opplæring, har  ansvar for lærekontraktar og godkjenning av lærebedrifter og opplæringskontor. Seksjonen har ansvar for eksamen, fag-/sveineprøvar og forvaltar dokumentasjon som vitnemål, kompetansebevis og fag-/sveinebrev.

Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse har ledig stilling som rådgjevar/spesialkonsulent ved seksjon for inntak forvalting og sluttvurdering.
Stillinga er knytt til forvaltningsfeltet, arbeid med fag- og yrkesopplæringa.

Kontorstad Bergen

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid knytt til forvaltningsfeltet fag- og yrkesopplæringa
  • Arbeid med statistikk og fagsystem
  • Sakshandsaming
  • Samhandling og kommunikasjon med andre seksjonar, rettleiingstenesta, lærebedrifter og samarbeidsorgan
  • Bidra til rutineutvikling og informasjonsarbeid
  • Andre oppgåver kan bli aktuelle.  

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på bachelor eller masternivå, særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Kjennskap til opplæringslova og forskrifter for vidaregåande opplæring med særleg vekt på fag- og  yrkesopplæring.
  • Kjennskap til sakshandsamingssystem som Vigo og Elements er positivt
  • Analytisk kompetanse og bruk av Excel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, tenestemålet til fylkeskommunen er nynorsk.
 

Personlege eigenskapar

  • Lærevillig, fleksibel og har evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • Analytisk og viser god systemforståing
  • Er god på samhandling, er inkluderande og byggjer gode relasjonar
  • Utviklingsorientert
  • Serviceinnstilt
  • Engasjert og har evne til å motivere
  • Sjølvstendig og har evne til å løyse problemstillingar i team
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit spennande og breitt fagleg godt arbeidsfellesskap
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsfellesskap.
  • Stillingsnemning spesialkonsulent/rådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
  • Seksjonen har kontorstad i Bergen, Førde, Leikanger og på Stord. 

Kontaktinformasjon

Hege Bugge Gjerdevik Osebakken, Fagleiar med personalansvar, 92816296, hege.bugge.gjerdevik.osebakken@vlfk.no
Øivind Høines, seksjonssjef, 99005647

Arbeidsstad

Lars Hillesgate 21
 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5202587545
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Øivind Høines

seksjonssjef

99005647

Hege Bugge Gjerdevik Osebakken

Fagleiar med personalansvar

92816296

hege.bugge.gjerdevik.osebakken@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3118edb0-eff3-41cd-95d0-11abf107aaa0

Sist endret

17. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e44de84670194ff4a2b3d257f491cd18

Lignende annonser

Laster lignende annonser