Spesialkonsulent
Bergen katedralskole
Kong Oscars gate 36, 5017 Bergen
Om jobben
- Oppstart
- 1. april 2027
- Stillingstittel
- Konsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. desember
Bergen katedralskole vart grunnlagd i 1153 og er med det ein av dei eldste skulane i landet.
Skulen har omlag 1300 elevar fordelt på tre stader i Bergen sentrum og tilbyr følgjande:
- Studiespesialiserande utdanningsprogram med programfag knytt til realfag og språk, samfunnsfag og økonomi
- IBDP - International Baccalaureate Diploma Programmme
- Innføringstilbod for minoritetspråklege elevar og eigen klasse for minoritetspråklege på Vg1
- Kyrre - eit tilbod for elevar med behov for særskild tilrettelegging
- Vaksenopplæring innanfor studiespesialisering
Går du med eit ønske om å jobbe på administrasjonskontoret på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette? Då har vi ein ledig stilling for deg på Bergen katedralskole!
Arbeidsoppgåver i administrasjonen
Til administrasjonens oppgåver ligg mellom anna å
- Handtere skulen/avdelinga sin resepsjon, telefon og postmottak
- Administrere elevinformasjon, vitnemål og anna dokumentasjon i Visma In School
- Bidra til eksamensgjennomføring og tilrettelegging for ulike prøver
- Bestille varer og tenester i og utanfor Visma e-handel
- Utføre diverse oppgåver i Visma enterprise og Visma HRM, som fakturabehandling og timeføring
- Administrere skuleskyss
- Vere skulen sin arkivar og superbrukar i Elements sak-/arkivsystem
- Halde ved like og utvikle skulens nettside
- Og ellers hjelpe elevar og tilsette med spørsmål og oppgåver der det trengs
Ønska Kvalifikasjonar
- Bachelor innan økonomi og administrasjon - særskilt lang og relevant erfaring kan i visse høve oppveie krav til formell utdanning
- Relevant erfaring
- Gode IT-kunnskapar og erfaring med ulike system
- Har du kjennskap til Visma In School, Elements, Visma enterprise eller andre av Vlfk sine it-system så er det ein føremon
- Gode evner til kommunikasjon, både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk
Er dette deg?
Har du stor arbeidskapasitet, er lettlært og sjølvstendig og har ei positiv innstilling?
Er du glad i utfordringar og likar å finne løysingar ?
Likar du å samarbeide med andre?
Er du omgjengeleg, god på relasjonar og til å sjå menneske?
Og har du vilje til, og ynskje om, og bidra til eit godt arbeidsmiljø?
Hos oss får du
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein interessant og variert arbeidsdag
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale/kvalifikasjonar
Kontaktinformasjon
Annike Gullestad, administrasjonsleiar, +47 95968501, anne.erika.gullestad@vlfk.noArbeidsstad
Kong Oscars gate 365017 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5204972694
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2027
Søknadsfrist: 06.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
508bd5a5-d298-44f2-8481-9ecab2a69a51
- Sist endret
12. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
788a97d790324d6c91d22f67df4331ec