Rettleiar
Nav Bergen nord
Åsane Senter 19, 5116 Ulset
Om jobben
- Stillingstittel
- Rettleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 1. desember
Stilling som rettleiar på ungdomsavdelinga til Nav Bergen nord.
Vi ser etter deg som trivst med å finne gode løysingar i samspel med menneske som er i ein krevjande situasjon og treng bistand. Er du ein person med pågangsmot og engasjement som ønsker å gjere ein forskjell? Trivst du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Blir du motivert av å sjå andre løyse sine utfordringar og lykkast med sine planar i eige liv? Då kan du vere den vi ser etter!
Nav Bergen nord har ledig fast stilling som rettleiar på ungdomsavdelinga der oppgåvane er å følge opp arbeidssøkarar og personar som av ulike grunnar har nedsett arbeidsevne. Kontoret har ca. 130 kommunalt og statlege tilsette og gjev tenester til bydelane Arna og Åsane med til saman ca. 55 000 innbyggarar. Vi har sentrale kontorlokaler i Thon senter Åsane.
Kva går jobben ut på?
- Individuell oppfølging av ungdom. Det vil sei kartlegging, rettleiing og motiveringsarbeid med fokus på den enkelte ungdom sin kompetanse og mogelegheit til å kome i arbeid, utdanning eller arbeidsretta aktivitet
- Vurdere tiltak i samråd med ungdom for å nå målet om arbeid eller utdanning
- Samarbeide med interne og eksterne aktørar
- Leie møter og legge til rette for gode prosessar for ungdom saman med samarbeidspartar
- Følge opp den enkelte arbeidsgivar og ungdom på arbeidsplassen
- Sakshandsaming etter lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning, tiltaksforskrifta og anna relevant lovverk
- Bruk av digitale verktøy og fagsystem
Vi gjer merksam på at arbeidsoppgåver og avdelingstilknyting kan bli endra
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- god kjennskap til bruk av digitale verktøy i arbeidet
- god skriftleg og munnleg kommunikasjonsferdigheiter på norsk
- erfaring med å rettleie eller gje råd til personar i ulike situasjonar
- relevant erfaring med å bistå arbeidssøkarar ut i jobb
- erfaring med å jobbe tverrfagleg
- kjennskap til arbeidsmarknaden og arbeidsmarknaden sitt behov
- kjennskap til ulike utdanningsmoglegheiter
- kjennskap til lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning og tiltaksforskrift
Kva vi ser etter hos deg?
- Har gode samarbeidsevner
- Har evne til å motivere og skape gode relasjonar
- Er strukturert og har god arbeidskapasitet
- Jobbar sjølvstendig
- Er fleksibel og løysingsorientert og som kan håndtere det uforutsette i arbeidskvardagen
Kvifor velje oss?
- spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
- relevant opplæring og gode høve til utvikling
- fleksitidsordning med mogelegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida
- løn i stillingskode 1434 rådgjevar frå kr 639 000 - 661 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
- gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Jorunn Vaaland, Avdelingsleiar, 404 51 872, jorunn.vaaland@nav.noArbeidsstad
Åsane Senter 195116 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 5211084941
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
89846fc2-d474-4074-9da7-6035563105da
- Sist endret
18. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c150278c521045be944f3a5cd74e23d0