Tre ledige stillingar som vitskapleg assistent - KODEM og ESS
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Vitskaplege assistentar ved institutt for politikk og forvaltning
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. juni
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVitskaplege assistentar
Ved Institutt for politikk og forvaltning, Universitetet i Bergen, er det ledig inntil tre 100%-stillingar som vitskapleg assistent, med oppstart august 2026. To av stillingane er knytt til KODEM: Nasjonal infrastruktur for forsking på demokrati og styresett. Den tredje stillinga er knytt til Den europeiske samfunnsundersøkinga – European Social Survey (ESS).
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling, og tilsette vert oppmoda til å utvikle eigne doktorgradsprosjekt. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år. Dei tilsette blir tilsett ved Institutt for politikk og forvalting og er venta å ha arbeidsstaden sin i Bergen.
Vi søkjer kandidatar med samfunnsvitskapleg utdanningsbakgrunn som har erfaring med og interesse for analyse av surveydata. Institutt for politikk og forvaltning leier store samfunnsvitskaplege infrastrukturar, som KODEM og ESS, og tilbyr eit aktivt og tverrfagleg forskingsmiljø. Dei vitskaplege assistentane vil samarbeide med leiande forskarar nasjonalt og internasjonalt og bidra til nyskapande forsking av høg kvalitet. Det kan òg bli aktuelt å arbeide for andre prosjekt knytt til KODEM og ESS.
Om KODEMKODEM er ein nasjonal forskingsinfrastruktur under etablering med mål om å bli eit nasjonalt og internasjonalt flaggskip for surveyforsking i den digitale tidsalderen. I løpet av dei komande fire åra skal det byggjast onlinepanel som skal vere representative for fire sentrale grupper i demokratiske styresett: innbyggjarar frå 18 år og oppover, folkevalde på alle nivå, offentleg forvaltning på alle nivå, og tilsette i offentlege og private mediebedrifter. KODEM vil som første forskingsinfrastruktur av sitt slag gjere mogleg koordinert datainnsamling på tvers av desse gruppene.
Om ESSESS er ein leiande europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC) som i 25 år har samla inn data om haldningar, verdiar og åtferd blant innbyggjarar i Europa. Universitetet i Bergen har sidan 2019 hatt ansvar for å koordinere det norske bidraget. Den tilsette vil jobbe tett saman med nasjonal koordinator for ESS i Noreg.
ESS er inne i ei viktig metodisk omstilling: frå tradisjonelle ansikt-til-ansikt-intervju til sjølvutfylling – digitalt eller på papir. Runde 12 (2025/26) er ei blandingsform, medan runde 13 (2027/28) vil vera ein full sjølvutfyllingsundersøking. Den vitskaplege assistenten vil få ei unik moglegheit til å vera tett på denne overgangen.
Arbeidsoppgåver:
Felles for alle stillingane- Analyse av data og rapportering av resultat.
- Førebuing til og rapportering frå møte.
- Bidra til planlegging og gjennomføring av faglege arrangement som seminar, konferansar og workshopar.
- Oppdatere og produsere innhald til nettsider (t.d. uib.no/medborgertrender, uib.no/kodem og uib.no/ess). Det vert gjeve tilstrekkeleg opplæring i UiB sine webpubliseringssystem.
- Kommunikasjon med forskarar i Noreg og internasjonalt.
- Utforsking av og rapportering om datakvalitet.
- Surveydesign.
- Brukartesting av surveyundersøkingar i dei ulike målgruppene.
- Bidra til rekruttering av nye respondentar.
- Koding av tekstlege svar, på norsk og engelsk
- Koordinering av omsetjingsarbeidet og kvalitetssikring av norske spørjeskjema.
- Overvaking og oppfølging av feltarbeid.
- Koordinering med ESS sitt hovudkvarter i London, feltbyrå og samarbeidspartnarar.
Arbeidsoppgåvene kan tilpassast noko til søkjaren og dei ulike forskingsprosjekta.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar- Søkjarar må ha relevant utdanning innan samfunnsfag eller tilsvarande på mastergradsnivå.
- Søkjarar som har bestått mastergraden eller leverer mastergradsoppgåva i vårsemesteret 2026 kan søke, tilsetjing avhenger av at master blir bestått.
- God kjennskap til kvantitativ metode og erfaring med statistikkprogram (t.d. R eller Stata) er eit krav.
- Gode språkkunnskapar i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg, er eit krav.
- Erfaring frå å organisere møte og større arrangement er ønskjeleg.
- Gode munnlege og skriftlege formidlingsevner.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Gode evner til planlegging og koordinering.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Moglegheiter til fagleg utvikling og kompetansebygging.
- Stillinga har stillingskode 1020 og årsløn er for tida kr. 519 400, -.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Søknad med CV, vitnemål/karakterutskrift, tittel og samandrag av masteroppgåva og attestar skal leggjast inn elektronisk i Jobbnorge (via lenke på denne sida «Søk på jobben»). Søknadsbrevet skal skildre motivasjon og bakgrunn for stillinga, indikere kva stilling(ar) søkjaren føretrekkjer (KODEM, ESS eller begge), og eventuelt indikere ambisjonar og tematikk for eiga doktorgradsavhandling i framtida.
Søknadar sendt på e-post eller utan etterspurd dokumentasjon vil ikkje verte vurderte.
Søknadsfrist: 1.juni 2026.
Generell informasjon:
For utfyllande opplysningar om KODEM-stillingane kan ein vende seg til leiar for KODEM, professor Elisabeth Ivarsflaten, epost elisabeth.ivarsflaten@uib.no, tlf. +47 45671663 /+47 55582460.
For utfyllande opplysningar om ESS-stillinga kan ein vende seg til Noregs nasjonal koordinator for ESS, professor Sveinung Arnesen, epost sveinung.arnesen@uib.no, tlf. +47 99532496.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f2e14373-3721-4d81-bbd2-e44c63453691
- Sist endret
11. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10295298