Hopp til innhold

Lærar - inntil 100% vikariat

Arbeidsgiver

Åmot skule, Vinje kommune

Sted

Raulandsvegen 58, 3890 Vinje

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Oppstart
5. januar 2026
Stillingstittel
Lærar - inntil 100% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar.

Me søkjer etter ein engasjert og dyktig lærar til vikariat frå snarast og ut skuleåret. Me ser etter deg som brenn for god undervisning, trivsel og utvikling – og som vil vere med og skape ein skule der både elevar og tilsette kjenner seg sett, støtta og inspirerte. Åmot skule er ein inkluderande 1.–10.-skule med høge ambisjonar for både fagleg og sosial utvikling. Me har eit sterkt fagmiljø, godt samarbeid i personalet og eit aktivt skulemiljø med fokus på livsmeistring og praktisk læring. Me er særskild på utkikk etter lærarar som har kompetanse i faget matematikk. 

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju fortløpande ettersom søknadane kjem inn til oss. Velkomen som søkjar.


Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplan og lovverk 
  • Skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane, med god autoritativ klasseleiing
  • Vera ein trygg og god vaksenperson i møte med elevar og andre vaksne
  • Delta i, og bidra til profesjonelle lærande fellesskap ved skulen
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Kontaktlærarfunksjon kan vera aktuelt
  • Eventuelle andre funksjonar ved skulen avtalast nærare etter kva kompetanse søkjarane har

Kvalifikasjonar

  • Me ynskjer deg som har godkjent undervisningskompetanse til å undervise i grunnskulen, jf. opplæringslova
  • Særskilde fagynskje: Matematikk, kroppsøving
  • Interesse og kunnskap for pedagogisk bruk av IKT og aktiv bruk av læringsplattform
  • Erfaring frå undervisning i grunnskulen i Noreg er ein fordel
  • Utdanning frå utlandet krev NOKUT-godkjenning
  • Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg. Me har nynorsk som hovudmål på skulen.

Personlege eigenskapar

  • Du har godt humør, er raus og trivast saman med elevar og vaksne
  • Du har eit positivt elev- og menneskesyn
  • Du er ein god formidlar og evnar å skape gode relasjonar
  • Du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar
  • Du er god til å handtere reglar, uro og åtferdsutfordringar
  • Du likar å vera aktiv deltakande i samhandling, aktivitetar og leik
  • Du er tydeleg, strukturert og evnar å omstille deg på kort varsel
  • Du har høge ambisjonar på vegne av elevane
  • Du stiller presis og godt førebudd til skuledagen
  • Du likar å arbeide i team, delar kompetanse og bidreg til gode og trygge rammer kring elevane
  • Du likar å lære nye oppgåver

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing

Me tilbyr

  • Gode løn-, forsikrings- og pensjonsordningar
  • Lunsj til hyggjeleg pris for tilsette
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
  • God forsikrings- og pensjonsordning

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Rune Sudbø Tveito, Verksemdsleiar, 35062263, rune.tveito@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Raulandsvegen 58
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5056590930
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 11.01.2026

Om bedriften

Vinje kommune er den største kommunen i Telemark, med om lag 3800 innbyggjarar. Kommunen ligg ved foten av Hardangervidda nasjonalpark. Vinje har spelt ei viktig rolle i høve industrihistoria og er difor på UNESCO si verdsarvliste. Vinjeskulen er opptatt av samskaping og samarbeid på tvers av einingar. 

Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg, og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1-10 skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f29e1c32-cc4d-4bb5-b9d0-efa9e6cdb8bb

Sist endret

12. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8932c301c6ca469bbcd28a367c2e4172

Lignende annonser

Laster lignende annonser