Lærar - 30% fast stilling
Edland skule, Vinje kommune
Storegutvegen 48, 3895 Edland
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar - 30% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. juni
Då har du moglegheit til å søke på denne stillinga som er ledig frå 01.08.26.
Edland skule er ein 1 - 10 skule med omlag 70 elevar. Me har fokus på livsmeistring og satsar på klasseleiing og lesing som utviklingsområde for lærarane på skulen. Me har gode system for å skape trygge og gode læringsmiljø og satsar på god og variert undervisning. Leik, aktivitet og gode uteområde nyttar me som kjelde til utforsking, problemløysing og trivsel.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Me håpar du vil søke!
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre undervisning i engelsk på ungdomstrinnet
- Arbeide med elevar si utvikling i munnlege og skriftlege ferdigheiter
- Vurdere og følgje opp elevane sitt læringsarbeid
- Samarbeide med kollegaer og bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Delta aktivt i skulen sitt profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning (GLU 5–10 eller tilsvarande)
- Undervisningskompetanse i engelsk på ungdomstrinnet
- Erfaring frå undervisning på ungdomstrinnet er ein fordel
- Gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og trygg klasseleiar
- Relasjonssterk og inkluderande i møte med elevar
- Engasjert og fagleg oppdatert
- Fleksibel og god til å samarbeide
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Moglegheit for fagleg utvikling og samarbeid i profesjonsfellesskap
- Engasjerte elevar og gode relasjonar i skulekvardagen
- Løn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Vinje kommune er omfatta av ordninga med sletting av studielån på 25 000kr. Du må då ha vore i arbeid i 1 år og vera folkeregistrert og busett i kommunen.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Rune Sudbø Tveito, VerksemdsleiarArbeidsstad
Storegutvegen 483895 Edland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5145989216
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Rune Sudbø Tveito
Verksemdsleiar
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
60c96bc7-baff-4d02-a0b9-3b5fedc1ee47
- Sist endret
15. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f6283743986845b78ad431ee4460fced