Fjaler legekontor søkjer positiv og engasjert sjukepleiar
Fjaler kommune Fjaler legekontor
Fjaler helsetunDalsvegen 81, 6963 Dale i Sunnfjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledig stilling 100 % fast stilling som sjukepleiar ved Fjaler Legekontor
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 22. juni
Vil du vere ein viktig del av eit engasjert team som set pasienten først – og samtidig bu i ein av dei vakraste bygdene på Vestlandet? Fjaler Legekontor søkjer no ein dyktig sjukepleiar til 100 % fast stilling, ledig frå 01.09.26. Vi tilbyr eit triveleg, inkluderande og fagleg utfordrande miljø, der du får moglegheit til å gjere ein forskjell kvar dag.
Fjaler legekontor held i dag til i eigne lokale ved Fjaler Helsetun, men vil ved årsskiftet flytte inn i nye, moderne og romslege fasilitetar ved Fjaler Helsehus- eit flott helsebygg midt i Dale Sentrum. Ved Fjaler Legekontor vil du jobbe saman med to andre sjukepleiarar, samt tre legar og ein turnuslege.
Arbeidsoppgåver:
- Mottak og oppfølging av pasientar, både fysisk og via telefon.
- Blodprøvetaking, vaksinasjonar og mindre sårstell.
- Administrativt arbeid, inkl. pasientjournalar og timebøker.
- Prosedyrearbeid og nært samarbeid med lege og anna helsepersonell.
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg.
- Gode IKT kunnskapar.
- Den som vert tilsett må legge fram godkjent politiattest og tuberkulinerklæring.
- Beherskar engelsk på eit grunnleggande nivå.
- Fordel med erfaring frå legekontor eller liknande.
Vi vektlegg at ein er personleg eigna for stillinga.
Vi ser etter deg som:
- Er empatisk, serviceinnstilt og har gode kommunikasjonsferdigheiter.
- Er strukturert, ansvarsbevisst og fleksibel i ein hektisk kvardag.
- Løysingsorientert.
- Bidrar til godt samarbeid og trivsel på arbeidsplassen.
Vi tilbyr:
- Løn etter utdanning og erfaring.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Faglege utviklingsmoglegheiter og tett samarbeid med lege og kollegaer.
- Ein inkluderande arbeidsplass der ditt engasjement og bidrag blir verdsett.
Kvifor velje Fjaler og Dale?
Fjaler kommune kombinerer idyllisk natur med eit aktivt lokalsamfunn. Her har du kort veg til både fjell, fjord og friluftsliv, samtidig som Dale sentrum tilbyr butikkar, kaféar og kulturelle tilbod. Dette er staden for deg som ynskjer å kombinere fagleg utvikling med høg livskvalitet.
Vi ser fram til å høyre frå akkurat deg!
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f2943909-f467-4cc1-bebe-f8374f918689
- Sist endret
9. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3636305_176933_nn