Inspektør tilsyn Ålesund
Arbeidstilsynet
6019 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Inspektør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. mars
Har du lyst til å jobbe for eit godt arbeidsliv i Noreg? No har du moglegheita!
Arbeidstilsynet arbeider for at alle arbeidstakarar i Noreg skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Arbeidstilsynet skal vere aktivt, synleg og til stades i arbeidslivet. Me legg premissar for, og følgjer opp, at norske verksemder held eit høgt nivå på helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid.
Tilsyn er vårt viktigaste verkemiddel for å kontrollere at landets verksemder oppfyll krava i arbeidsmiljøregelverket. Tilsyn inneber både kontroll og rettleiing i verksemder i ulike næringar og bransjar. Tilsyn er ofte retta mot organisatoriske forhold, psykososiale faktorar, ergonomi, teknisk tryggleik, førebygging av ulykker, samt kjemiske og biologiske arbeidsforhold.
Me søkjer no ein inspektør til kontoret vårt i Ålesund. Her vil du verte del av eit tverrfagleg miljø med juristar og inspektørar frå ulike fagområder. Me søkjer deg som har kompetanse om korleis kjemiske, fysiske og biologiske forhold påverkar eit arbeidsmiljø. Som inspektør vil du vere mykje ute i verksemder på tilsyn og jobben inneber derfor noko reiseaktivitet.
Dine arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere å
- planleggje, gjennomføre og følgje opp tilsynssaker i tråd med planar, rutinar og regelverk, særleg innan kjemiske, fysiske og biologiske forhold
- rettleie både internt og eksternt i tråd med relevant regelverk
- samarbeide med kollegaer, tilsynsmyndigheiter og samarbeidande etatar
Du må ha
- relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan yrkeshygiene, inneklima, miljø eller tilsvarande område
- yrkeshygienisk kompetanse
- har god formidlingsevne, både skriftleg og munnleg på norsk, og evne til å kommunisere munnleg på engelsk
- førarkort klasse B
Det er ein fordel om du også har
- sertifisering som yrkeshygienikar
- relevant arbeidserfaring frå HMS-arbeid
- kunnskap om arbeidsmiljølova sine krav til verksemdene sitt arbeidsmiljø
- erfaring frå tilsynsarbeid, rettleiing eller liknande roller
- erfaring frå saksbehandling og arbeid med regelverk eller skjønnsutøving
- kjennskap til forvaltningslova og offentleglova
For å lukkast i rolla må du trivast med samarbeid. Som person møter du folk på ein imøtekommande og samarbeidsvillig måte. Du må kunne bruke regelverk og skjønn trygt, og trivast med rettleiing i ei myndigheitsrolle. Me ser etter deg som jobbar strukturert, deler kunnskap, handterer fleire saker samtidig og fullfører oppgåver. Som kollega bidreg du positivt til arbeidsmiljøet, og du kjenner deg igjen i verdiane våre: modig, klok og tydeleg.
Personleg eignaheit blir vektlagt.
Me ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring, bakgrunn, fagkombinasjonar og perspektiv. Det gir eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løyse oppgåvene. Har du i periodar vore utan arbeid, utdanning eller opplæring, er du òg velkomen til å søkje jobb hos oss. Me tilrettelegg arbeidsplassen dersom du har behov for det.
Det er fleire gode grunnar til å jobbe i Arbeidstilsynet
Hos oss får du:
løn etter Statens lønsregulativ som inspektør kode 1343 (kr 610 000–750 000) eller seniorinspektør kode 1371 (kr 650 000- 830 000), avhengig av kvalifikasjonane dine
låne- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse: https://www.spk.no
gode ordningar: sjå kva me tilbyr våre ansatte
Meiningsfulle arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
moglegheit til å medverke og påverke eigen arbeidskvardag
hyggelege kollegaer i eit utviklande læringsmiljø
Viktig å vite før du søkjer
Som tilsett i Arbeidstilsynet kan du normalt ikkje ha bierverv eller andre økonomiske interesser i verksemder som er underlagt Arbeidstilsynet sitt tilsyn.
Du kan be om unntak frå å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må du grunngje i søknaden. Du må sjølv huke av for dette når du fyll ut informasjonen din i forbindelse med søknaden. Me tek kontakt med deg dersom unntaket ikkje blir innvilga.
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Me ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen når du søkjer stillinga.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber me om autorisert omsetjing av dokument og vitnemål, samt godkjenning frå NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål om stillinga.
Kontaktperson er Hallvard Solevåg, seksjonsleder, Avdeling Tilsyn Vest, hallvard.solevag@arbeidstilsynet.no eller 957 78 951
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f244e971-3e87-4977-b241-9e8789b71277
- Sist endret
3. mars 2026
- Hentet fra
sap
- Referanse
845 18.03.2026
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Mannskapsseksjonen, Kystverket
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Ålesund
Sivilingeniør/VVS-ingeniør
Arbeidsgiver
NORDVEST MILJØ AS
Sted
Ålesund