Hopp til innhold

Administrasjonskonsulent med oppgaver innen dagleg drift og forskningsadministrasjon

Arbeidsgiver

Universitetet i Oslo

Sted

Boks 1072 Blindern, 0316 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
Administrasjonskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. februar

Om stillinga

Institutt for kultur, religion, Asia- og Midtøstenstudier (IKOS) lyser ut ein fast stilling som administrasjonskonsulent (seniorkonsulent SKO 1363). Stillinga er sentral for å sikra god dagleg drift av instituttet.

Stillinga har eit todelt formål. Den eine delen er knytt til administrativ service og oppfølging av det fysiske arbeidsmiljøet til instituttet, inkludert drift av lokalar, utstyrsansvar og mottak av nye medarbeidarar og gjestar. Den andre delen av stillinga er å inngå i det forskingsadministrative teamet til instituttet, der du vil bidra i oppfølging av prosjektporteføljen i samarbeid med forskingsrådgivarane.

Administrasjonskonsulenten vil vere eit naturleg kontaktpunkt for tilsette og gjestar, og ein viktig bidragsytar knytt til fysisk arbeidsmiljø, service og koordinering.

Du vil bli del av eit engasjert administrativt miljø der samarbeid, sjølvstende og serviceinnstilling står sentralt. Vi legg vekt på gode rutinar, fagleg utvikling og eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø, og gir god opplæring til nytilsette.
 


Arbeidsoppgåvene

Arbeidsoppgåvene i stillinga er varierte og omfattar mellom anna:

  • Planlegging og koordinering av bruk av instituttets lokalar, samt klargjering og rydding av kontor, fellesareal og utstyr
  • Mottak og oppfølging av nye tilsette og gjester
  • Reisebestillingar og oppfølging av Betalmeg-løysinga
  • Arrangementsbistand
  • Planlegging og oppfølging av HMS-arbeid, inkludert vernerundar og rapportering
  • Oppfølging av instituttets prosjektportefølje i samarbeid med forskingsrådgivarar
  • Løpande administrative driftsoppgåver

Andre administrative oppgåver kan bli lagde til stillinga ved behov.


Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonskrav
  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant erfaring med tilsvarande arbeidsoppgåver kan kompensere for utdanningskravet
  • Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Gode IT-kunnskapar og evne til å ta i bruk nye digitale verktøy og system
  • Relevant erfaring med administrative arbeidsoppgåver og ansvarsområde
  • Erfaring med forskingsadministrative oppgåver frå universitets- og høgskulesektoren
  • Gode praktiske ferdigheiter og evne til å sjå når noko må følgjast opp eller utbetrast
Det er ein fordel om du har 
  • Erfaring frå Universitetet i Oslo og kjennskap til UiOs administrative system og rutinar

  • Vi søkjer deg som

    • er serviceorientert og trivst i ei rolle med mykje kontakt med ulike menneske
    • handterer eit stort spenn av oppgåver i ein travel arbeidskvardag
    • er strukturert og har god evne til å prioritere, planleggje og systematisere
    • er sjølvstendig og tek initiativ til å etablere og vidareutvikle gode rutinar
    • er løysingsorientert og fleksibel
    • har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

    Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.


    Vi treng ulike perspektiv i arbeidet vårt

    UiO er eit ope og internasjonalt breiddeuniversitet, og ønskjer å vere ein inkluderande og mangfaldig arbeidsplass og studiestad. Les meir om UiOs arbeid for likestilling, inkludering og mangfald på uio.no.

    Vi løyser samfunnsoppdraget vårt best når vi tek i bruk dei ulike erfaringane, bakgrunnane og perspektiva våre. Vi ønskjer oss fleire gode kollegaer – kanskje den neste er deg?

    Vi vil leggje til rette dersom du har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere endring av arbeidstid, tilpassing av arbeidsoppgåver, digital, teknisk eller fysisk tilrettelegging, eller andre praktiske tilpassingar.

    Har du innvandrarbakgrunn, funksjonsnedsetjing eller hol i CV-en, oppmodar vi deg til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar gruppe til intervju. Med funksjonsnedsetjing meiner vi her ein søkjar som oppgjer å ha ei funksjonsnedsetjing som vil medføre tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen

    Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir brukte til anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

    Vi håpar du søkjer på stillinga hos oss.


    Vi tilbyr

    • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, som bidreg til kunnskapsutvikling og utdanning
    • Varierte arbeidsoppgåver i eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
    • Gode velferdsordningar.
    • Moglegheit for inntil 1,5 time i veka med trening i arbeidstida.
    • Ein arbeidsplass med gode utviklings- og karrieremoglegheiter.
    • Medlemskap i Statens Pensjonskasse, som er ein av Noregs beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar.
    • Løn i stilling som seniorkonsulent (SKO 1363), i lønsspenn kr. 575 000 – 655 000, avhengig av kompetanse og erfaring. Frå løna trekkjast 2 prosent lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse

    Les mer om fordelene med å jobbe i staten i Arbeidsgiverportalen (dfo.no).


    Søknad

    Søknaden skal inneholde:

    • Søknadsbrev
    • CV
    • Vitnemål og attester
    • Kontaktinformasjon til 2-3 referanser

    Søknad med vedlegg må sendes inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge, klikk “Søk stillingen”.

    Når du søker på stillingen, ber vi deg hente utdanningsresultatene dine fra Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultatene dine ikke er tilgjengelige via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopier av vitnemålene eller karakterutskriftene dine. All dokumentasjon må være på engelsk eller et skandinavisk språk.


    Generell informasjon

    Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.

    Søkerlister kan bli offentleggjort iht. Offentleglova § 25 andre ledd. Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på den offentlege søkarlista. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne lista. Du må grunngje kvifor du ønskjer unntak frå offentleggjering, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, vil du høyre frå oss.


    Kontaktpersoner for stillingen

    Daniel Nersveen

    Seniorkonsulent

    +47 22 85 02 98

    daniener@uio.no

    Ragnhild Rebne

    Administrativ leder

    +47 22 85 59 26

    ragnhild.rebne@ikos.uio.no

    Om bedriften

    Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 26 500 studentar og 7 200 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

    Institutt for kultur, religion, Asia- og Midtaustenstudium (IKOS) er eitt av sju institutt ved Det humanistiske fakultetet.Instituttet har brei kompetanse innanfor studiet av religion og kultur og innanfor språkbaserte områdestudium med særleg vekt på Sør-Asia, Aust-Asia, Midtausten og Nord-Afrika. Instituttet har fleire studieprogram, både på bachelor- og masternivå. Av dei 110 tilsette på instituttet er 40 ph.d- og post.doc.stipendiatar.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    f2223f4d-600e-463b-83b0-a642b16a8b20

    Sist endret

    5. februar 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10281055

    Lignende annonser