Operativ grensekontrollør
Møre og Romsdal Politidistrikt
Ålesund politistasjon, Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Operativ grensekontrollør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Om stillinga
Vil du bidra til å sikre Noreg mot truslar utanfrå, og sørgje for at dei som tek seg inn i landet har lov til det? Ønskjer du å jobbe med eit spennande fagfelt i stadig endring, er glad i utfordringar og vil jobbe i eit miljø med gode og dyktige kollegaer? Då kan dette vere jobben for deg.Vi har ledig ei fast stilling som operativ grensekontrollør, politibetjent 3/2/1, ved seksjon for utlendings- og grensekontroll. Seksjonen består av høgt motiverte menn og kvinner fordelt på to oppmøtestadar i høvesvis Ålesund og Kristiansund. Oppmøtestad for den aktuelle stillinga er i Ålesund.
Vi arbeider med fagfelt som er høgt prioriterte sentralt og lokalt, og har godt og tett samarbeid med andre driftseiningar, særorgan og eksterne aktørar. Arbeidskvardagen er variert og tidvis hektisk, med krav til fleksibilitet og evne til å ta på seg ulike roller. Dette er ei ypparleg stilling for deg som ønskjer fagleg utvikling og variasjon i kvardagen. Seksjonen er operativ med oppsøkjande verksemd, og dette er ei operativ stilling som inngår i politiet sin operative beredskap med mellom anna operativ tjeneste i helger. Du må pårekne jamleg reiseverksemd i heile fylket.
Vi har eit spesielt godt arbeidsmiljø, og er ute etter deg som ønskjer å styrke dette ytterlegare og som er motivert til å bidra til å utvikle faget og seksjonen over tid.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing. Seksjonen ønskjer mangfald og ser spesielt positivt på søkjarar med bakgrunn/erfaring/perspektiv/kompetanse som kan utfylle det vi har frå før. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Systematisk overvaking av luft -og sjøgrensa i Møre og Romsdal
- Oppsøkjande fysisk kontroll av fartøy
- Planleggje og gjennomføre personkontrollar
- Vere oppdatert på fagfeltet og tilgjengeleg ressursperson for andre driftseiningar
- Rettleiing og opplæring av andre grensekontrollørar
- Vareta andrelinje grensekontroll – under dette opprette og gjennomføre bort-/utvisingssaker
- Operativ tjeneste og del av totalberedskapen i politidistriktet
- Jamleg dialog og samarbeid med eksterne aktørar
- Andre oppgåver kan leggjast til ved behov
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Fullført og bestått politi(høg)skule. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
- Ha IP4-godkjenning, eller må kunne bli godkjent
- God skriftleg og munnleg uttrykks- og formidlingsevne på norsk og engelsk
- God basiskunnskap IKT
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med:
- Relevant tilleggsutdanning og erfaring frå fagområdet
- Erfaring frå etterretning og utlendingskontroll
- Språkkompetanse utover engelsk
Personlege eigenskapar
- Gode haldningar, kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
- Sjølvstendig med evne til å arbeide systematisk
- Lagspelar som bidrar positivt til arbeidsmiljøet i atferd og engasjement
- Tar initiativ til fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass
- Fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 580 000
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 520 000
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000
- Ved endring av tjenesteområde gis lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f1fe5733-b81e-4c8b-8bd5-4b43595b9208
- Sist endret
11. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269751
Lignende annonser
Etterforskar politibetjent 3/2/1
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Ålesund
Politibetjent 3/2/1
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Lostjenesten, Kystverket
Sted
Ålesund
Ordensvekter i Ålesund
Arbeidsgiver
PSS Securitas
Sted
Ålesund