Etterforskar
Møre og Romsdal Politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Politibetjent 3/2/1
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 13. november
Om stillinga
Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av internettrelaterte saker? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi har no ledig fast stilling som etterforskar ved det nyoppretta avsnittet vårt ved Ålesund politistasjon, ved seksjon for etterretning, førebygging og etterforsking.
Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. Arbeidet er krevjande fordi vi ofte jobbar med menneske i krise og det krevst at vi leverer arbeid av høg kvalitet for å ta vare på rettstryggleiken. I periodar må ein pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.
Vi er på jobb for et trygt Norge. Som en del av politiets viktige samfunnsoppdrag, skal vi forebygge og bekjempe kriminalitet, skape trygghet og ivareta rettssikkerheten. Vi tror at mangfold bidrar til bedre oppgaveløsning, og søker derfor medarbeidere med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidshverdagen, vil vi gjøre vårt beste for å gi deg det du trenger.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
Arbeidsoppgåver
- Etterforsking av straffesaker som gjeld internettrelaterte overgrep, herunder strl. §§311--saker
- Utføre taktisk etterforsking i saker innan eige spesialfelt, utarbeide etterforskingsplaner i Indicia, gjennomføre avhøyr, hovedsakleg videoavhøyr
- Fungere som hovudetterforskar i sak
- Utføre sikring og taktisk gjennomgang av digitale bevis
- Delta i operative aksjonar
- Krimvaktstjeneste kvar 6. helg
- Bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
- Bidra til at dei faglege oppgåvene blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
- Kan påleggast andre arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å være kvalifisert:
- Fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
- God skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskelig med:
- Utdanning innan digital sporsikring og/eller kurs i digitale sporsikringsverktøy
- Relevant vidareutdanning innan etterforsking
- Erfaring frå politistilling. Særlig erfaring frå etterforsking av seksuallovbrudd og alvorlege voldssaker er ønskelig.
- Erfaring i bruk av Axiom, Griffeye eller andre relevante dataverktøy og IT-kompetanse
- Erfaring med arbeid i prosjektmodulen i Indicia
Personlege eigenskapar
- Motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
- Evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheiter
- Ønskjer fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ei utfordrande og spennande stilling i Ålesund politistasjondsdistrikt
- Stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457).Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000
- For særskilt kvalifiserte kandidatar kan stillingskode som politiførstebetjent eller politioverbetjent bli vurdert, jmf. lokale retningslinjer
- Ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
- Godtgjersle etter gjeldande ATB, for tida på kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Kent-Inge Holstad
Avsnittsleder
+47 47788984
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
692b24a4-0581-4dde-b5e0-bbabd4c87857
- Sist endret
30. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268567
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Ålesund
Operatør, FOT
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Ålesund
Fyrstekonsulent elektronisk kontroll- Ålesund vikariat ut 2026
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal friomsorgskontor
Sted
Ålesund