Operatør - politibetjent 3/2/1
Møre og Romsdal Politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Operatør, FOT
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. november
Om stillinga
Operasjonssentralen er leiing- og koordineringssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i politidistriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.
Dine hovudoppgåver som operatør vil vere å handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet, og å planlegge og koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/ operasjonsleiar. Som operatør skal du samhandle med innsatsleiar, operativt mannskap og felles straffesaksinntak (FSI) for å sikre framdrift og løyse hendingsstyrte og planlagde oppdrag. Vi kan love deg ein spennande, variert og aktiv arbeidskvardag, med heile politidistriktet som arbeidsfelt!
Du vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg. I sommerferieavviklinga er det annakvar helg, i den perioden ein ikkje er ute i ferie sjølv.
Felles eining for operative tenester (FOT) består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga er organisert under seksjon for operativ styring. Seksjonen er inndelt i tre avsnitt som blir leia av kvar sin avsnittleiar. Operasjonssentralen har eit godt arbeidsmiljø og mange dyktige medarbeidarar. Vi er lokalisert på politihuset i Ålesund og er samlokalisert med 110-sentralen i Møre og Romsdal.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet. Evna til å vere trygg, nærverande og lydhøyr i krevjande situasjonar og dessutan byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- Handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet
- Handtere 02800 anrop og hovednummer til politidistriktet
- Planlegge samt å koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar
- Utføre oppgåver i samsvar med styrande dokument, planverk og plan for PO/COP
- Sørgje for god kommunikasjon og samarbeid med interne samt eksterne samarbeidsaktørar
- Bidra til å sette i verk straksetterforsking
- Involvere nødvendig komplementær kompetanse i oppgåveløysinga
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Fullført og bestått Politihøgskule/politiskule. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå; https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
- Erfaring frå politiet sine gjeremål, herunder ordensteneste og etterforsking
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk, og gode kommunikasjonsevner
- Må kunne sikkerhetsklarerast som Hemmeleg
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf.politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med:
- Relevant tilleggsutdanning og erfaring frå fagområdet
- Erfaring frå operasjonssentral
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Høg stresstoleranse
- Initiativrik
- Endringsvillig
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass på operasjonssentralen i Ålesund
- Fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000
- Ved endring av tjenesteområde gis lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Slik søkjer du
Du søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet: Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d93ca7dd-8879-4e0e-a9d6-e737105e2252
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267198
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Ålesund
Fyrstekonsulent elektronisk kontroll- Ålesund vikariat ut 2026
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal friomsorgskontor
Sted
Ålesund
Sosionom, Vernepleier, Sykepleier
Arbeidsgiver
Psykisk helse og rus
Sted
Ålesund