Hopp til innhold

Bibliotekar

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Kultur og læring

Sted

Sjøperlo, Dreganesvegen 40, 5580 Ølen

Om jobben

Stillingstittel
Ledig stilling som bibliotekar for deg som brenn for kunnskap og kultur
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. juli

Vindafjord bibliotek er eit moderne bibliotek med mykje spennande kulturell aktivitet. Me søkjer ein kollega med god forståing og interesse for bibliotekfagleg verksemd til eit vikariat i 100 % stilling f.o.m. 01.09.2026- t.o.m. 30.04.2027, med mogleg forlenging. Du vil jobba i team saman med dyktige kollegaer frå fleire ulike fagfelt. Vaktordningar som inkluderar dag, kveld og helg må ein rekna med. Biblioteket er ein del av eit aktivt hus med kultur- og skuleverksemd og mykje tverrfagleg samarbeid, som du blir ein del av. For oss er mangfald og inkludering viktige verdiar. Vakter i biblioteket si avdeling i Sandeid fengsel kan også bli aktuelt. 

Kva får du jobba med hjå oss?

Dine hovudarbeidsoppgåver vil vera: 

  • Aktiv formidling
  • Digital formidling
  • Samlingspleie
  • Bok i butikk
  • Utlån, rettleiing og anna publikumsretta arbeid
  • Ulike aktivitetar og arrangement retta mot alle aldrar
Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Kvalifikasjonar:
  • Relevant høgare utdanning innan bibliotek, informasjonsvitskap og eller litteraturvitskap
  • Annan relevant utdanning og eller erfaring kan også vera aktuelt 
  • Erfaring frå bibliotek og eller skulebibliotek er ønskeleg 
  • God digital kompetanse er ein føresetnad
  • Sertifikat klasse B 
  • Meistra godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk
Personlege eigenskapar:
  • Ein omsorgsfull og trygg vaksen
  • God evne til å inspirera og motivera til leseglede  
  • God evne til samarbeid og refleksjon
  • Løysingsorientert og systematisk, både sjølvstendig og i team
  • Gode språk- og kommunikasjonsevne er ein føresetnad

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. 

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ane Kesia Eide Fatland

Einingsleiar Kultur og læring

+47 48099251

ane.kesia.fatland@vindafjord.kommune.no

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f1d64c02-b7d6-4e4f-9be1-6cc35c74e982

Sist endret

22. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3639587_229873_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser