Hopp til innhold

Lærarvikar inntil 100% på Høydalsmo skule  - vår 2026

Arbeidsgiver

Oppvekst, Tokke kommune

Sted

Storvegen 60, 3880 Dalen

Om jobben

Stillingstittel
Ledig 100% vikariat Høydalsmo skule - vår 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Høydalsmo skule har ledig inntil 100%  lærarvikar i grunnskulen. Tiltreding snarast og ut skuleåret.

Høydalsmo skule er ein 1-10 skule med 60 elevar og om lag 14 årsverk for pedagogisk personale.
På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings – og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.

Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt, no nyttar ein to timar kvar veke av den bundne tida til fagutvikling.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Dordi Didriksen, e-post: dordid@tokke.kommune.no  eller mob.: 922 16 608


Arbeidsoppgåver

* Planlegge og gjennomføre undervisning frå 1. til 10. trinn.
* Samarbeide med kollegaer i høve fagleg utviklingsarbeid
* Skule - heim samarbeid

Kvalifikasjonar

* Lærarutdanning  (lærar/adjunkt/ master)

Personlege eigenskapar

* Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
* Være engasjert, fleksibel, reflektert, sjølvstendig og tydeleg
* Fokus på god og tydeleg klasseleiing
* Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringer

Vi tilbyr

* Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat 
* Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar
* Eit godt arbeidsmiljø 
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil ein nytte same søkjarliste.

Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
 
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben. 
 
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå  www.tokke.kommune.no

Kontaktinformasjon

Tone Lunde Skaalen, Kommunalsjef Oppvekst, +47 97171406

Arbeidsstad

Storvegen 60
3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tokke kommune

Referansenr.: 5080355917
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Tone Lunde Skaalen

Kommunalsjef Oppvekst

+47 97171406

Om bedriften

Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f1855b7b-bec4-4900-8910-02239fa89124

Sist endret

13. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

348f01605bb24b5abfa677520b0af1de

Lignende annonser