Hopp til innhold

Norsk Landbruksrådgiving SA søkjer grovfôrrådgjevar på Haugalandet

Arbeidsgiver

Norsk Landbruksrådgiving SA

Sted

Industrigata 4, 5537 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar grovfôr
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. februar

NLR ha engasjerte og kunnskapsrike rådgjevarar, noko som har ført til at ein av rådgjevarane våre nå vil gjere draum til verkelegheit og utvide gardsdrifta si. Me har difor ledig inntil 100 % fast stilling innan fagområdet grovfôr. Rådjevaren skal betene produsentar i kommunane på Haugalandet. Kontorstad kan tilpassast etter kvar kandidaten bur. Me har kontor i Haugesund og Ølen.

Gjer ein skilnad -- kvar dag!

I NLR SA står du midt i utviklinga av norsk matproduksjon. Du vil vere med å påverke retningsval og produksjon hjå næringsutøvarar i landbruket, og dermed gje eit viktig bidrag til utviklinga av landbruket og maten me alle er avhengig av kvar einaste dag.

Me i NLR er nysgjerrige på å finne nye og betre måtar å hjelpe kundane våre på! Våre tilsette si fagkompetanse og vilje til utvikling er avgjerande for å lukkast med oppdraget vårt. Me tek godt vare på folka våre, og oppmuntrar og legg til rette for personleg og fagleg utvikling.

Kven leitar vi etter?

Me søkjer ein sjølvstendig og initiativrik person med gode evner til skriftleg og munnleg kommunikasjon. Du trivst med ein variert arbeidsdag, mykje utearbeid om sommaren og har eit sterkt engasjement for agronomi og god drift hjå bonden.

Du må ha høgare landbruksfagleg utdanning og/eller relevant landbruksfagleg erfaring. Me oppmodar også erfarne produsentar om å søkje stillinga. Søkjar må ha førarkort klasse B og disponere bil.

Arbeidsoppgåver:
  • Medlemsrådgjeving, individuelt og i grupper.

  • Interesse for kulturlandskap er ynskeleg, men ikkje eit krav.

  • Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk

  • Utarbeide gjødslingsplanar og ta jordprøver

  • Klimarådgjeving

  • Skrive artiklar til nettsidar og fagblad

  • Avhengig av søkjarens interesse og kompetanse kan andre moglege arbeidsområde vere: foringsrådgjeving t.d. ammekyr, økologisk landbruk, grovfôrøkonomi, utarbeiding av rensepark, dreneringsplan, nydyrking og konsulentoppdrag som for eksempel matjordplanar, erstatningssakar med meir.

Vi tilbyr:
  • Inntil 100 % fast stilling.

  • Fagleg utfordrande arbeid i eit aktivt og godt arbeidsmiljø

  • Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet

  • Triveleg arbeidsmiljø

  • Høve for heimekontor nokre dagar

  • Løn etter avtale

  • Gode pensjon- og forsikringsordningar

Om bedriften

Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) er eit landsdekkande samvirkeforetak med 24.000 medlemmar og 400 medarbeidarar. Med seks regionavdelingar og rundt 100 kontorstader, har NLR sterkt lokalt nærvær. NLR er bindeledd mellom forsking og landbruket, og innhentar, utviklar og samordnar kunnskap som rådgjevarane formidlar til næringsutøvarar i landbruket.

Våre tilsette jobbar med rådgjeving og utviklingsoppgåver innan jord- og planteproduksjon, økonomi, rekneskap, HMS, maskinteknikk, hydroteknikk, presisjonslandbruk, landbruksbygg, fornybar energi, klima og miljø. Vår visjon er “kompetanse for framtida”. Vi leverer aktuell, kunnskapsbasert, objektiv og heilskapleg rådgjeving og er ein attraktiv samarbeidspartnar for landbruket.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f15cb70a-12af-4809-97c3-d4faab77d16e

Sist endret

4. februar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

449183639

Lignende annonser