Hopp til innhold

Veterinær

Arbeidsgiver

Mattilsynet

Sted

5580 Ølen

Om jobben

Stillingstittel
Veterinær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest onsdag 4. mars

Vil du bidra til  trygg mat  frå  jord til bord?  
Mattilsynet er eit statleg tilsyn og direktorat med eit viktig samfunnsoppdrag: å tryggje framtida for  menneske, dyr og natur. Vi er både myndigheitsutøvar, rettleiar og beredskapsaktør.  
Som veterinær i Tilsynsdivisjon landdyr og slakteri, avdeling slakteri, seksjon raudt kjøtt vest  (kontorstad Ølen og Sandeid), får du ein variert arbeidskvardag der du bruker heile bredda av kompetansen din. Du jobbar med dyrevelferd, dyrehelse og trygg mat frå jord til bord – i eit samfunnsoppdrag som verkeleg betyr noko.  
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med gode moglegheiter for samarbeid og fagleg utvikling. Trivst du med sjølvleiing, samarbeid og har god rolleforståing, får du her sjansen til å gjere ein forskjell – saman med kollegaer som brenn for faget.  Vi har to stillingar ledig.  

Arbeidsoppgåver:  
  • Kjøttkontroll og viltkjøtkontroll  
  • Kontroll med slakteri og mattryggleik  
  • Tilsyn med dyrevelferd og dyrehelse  
  • Sakshandsaming og offentleg forvaltning  
  • Rettleiing til verksemdene vi fører tilsyn med, og til organisasjonar, andre aktørar og innbyggjarar
  • Andre oppgåver kan komme til ved behov  

  
Kvalifikasjonskrav  
Du må ha:  
  • Norsk autorisasjon som veterinær  
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk  
  • Gyldig førarkort klasse B  
  • Evne til å sette deg inn i Mattilsynets datasystem og å bruke IKT-verktøy  

 
Det er ein fordel om du i tillegg har:  
  • Erfaring frå offentleg forvaltning   
  • Erfaring frå forvaltningområda til Mattilsynet  
  • Godkjenning som offentleg veterinær. Har du ikkje det, får du kurs og opplæring i Mattilsynet  

  
Personlege  eigenskapar:  
  • Du har god rolleforståing og har evne til å foreta gode faglege vurderingar i forvaltninga av regelverket   
  • Du kan jobbe i team, men også sjølvstendig   
  • Du er nøyaktig, engasjert og effektiv  
  • Du er god til å rettleie  
  • Du kan planlegge, men også  tilpasse deg endringar i ein variert og til tider der hektisk kvardag
  • Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø    

Vi  legg vekt på  at ein høver i stillinga.  
 
Vi  tilbyr:  
  • To faste  stillingar  som førsteinspektør (stillingskode 1498) eller seniorinspektør (stillingskode 1499) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og  kompetanse. Tilsvarande  stillingar i Mattilsynet  blir lønna  frå kr 650 000 til kr 770 000.  For særs kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn. 
  • Eit godt fagmiljø med erfarne og dyktige kollegaer  
  • Arbeid med eit spennande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring  
  • Ordna  arbeidsforhold og kompensasjon for  ulagleg arbeidstid i samsvar med  gjeldande regelverk og særavtalar  
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar.  

  
Kontaktinformasjon  
Ta gjerne kontakt med seksjonssjef Gro Eliassen på mobil  95020293,  om du har spørsmål om stillingane.  
  
Slik søkjer du  
Vi vurderer berre elektroniske søknader.  Du lastar  opp vitnemål  via Vitnemålsportalen. Dette  sikrar  ein enkel og trygg overføring av dokumenta  dine. For meir informasjon om  korleis  du bruker Vitnemålsportalen,  sjå  vitnemalsportalen.no.  Søkjarar  som  ikkje  har  moglegheit  til dette,  kan leggje ved  attestar og vitnemål til søknaden.  
 
 
Visjonen vår er at vi saman tryggjer framtida for menneske, dyr og natur. For å lykkast med dette er vi i gang med ei omfattande utvikling av organisasjonen, korleis vi jobbar saman og korleis vi utviklar løysingar med vekt på brukarane sine behov. Vi er 1.200 kollegaer med kompetanse på tvers av mange fagfelt, som for eksempel veterinærfaget, næringsmiddelproduksjon, biologi, utvikling, jus og forvaltning. Det gleder oss at vi har stige på omdømmemålingar i offentleg sektor, fordi vi er avhengig av tillit og jobbar hardt for å opplevast som ein hjelpar. Vi er til stades i heile landet og utviklar oss kontinuerleg. Mattilsynet rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Les meir på mattilsynet.no. 
Inkludering og mangfald er ein styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein enda betre måte. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Vi nyttar informasjonen berre til å velje ut riktige kandidatar og til anonymisert statistikk. 

Kontaktperson for stillingen

Gro Eliassen

95020293

Gro.Eliassen@mattilsynet.no

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9b4d9187-f877-40e7-b3b1-9f1cf32b5058

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

sap

Referanse

601 04.03.2026 M42330

Lignende annonser