Hopp til innhold

Frydenbø Bil Stryn søkjer bilmekanikar

Arbeidsgiver

Frydenbø Bil AS

Sted

Tonningsgata 33, 6783 Stryn

Om jobben

Stillingstittel
Frydenbø Bil Stryn søkjer bilmekanikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 21. juni

Vil du jobbe som tekniker/ mekaniker i eit moderne verkstad med gode kollegaer og sterke merkevarer?

Hos Frydenbø Bil Stryn får du ein variert arbeidskvardag, tilgang til moderne utstyr og høve til fagleg utvikling. Vi legg stor vekt på kompetanse, og som tilsett får du gode moglegheiter for utvikling, blant anna gjennom Harald A. Møller kompetansesenter. Vi er eit merkeverkstad og forhandlar for Volkswagen, VW Nyttekøyretøy, Audi og Skoda, som er kjende for innovativ teknologi og høg kvalitet.

Vi set verdiane entusiastisk, ærleg og ansvarleg høgt og desse pregar kvardagen vår, korleis vi samarbeider og møter kundane våre.

Arbeidsoppgåver vil vere:
  • Service og vedlikehald
  • Feilsøking og diagnose
  • Reparasjonar og mekanisk arbeid
  • PKK
  • Montering av ekstrautstyr
Vi ser etter deg som:
  • Har relevant fagbrev, fortrinnsvis som bilmekanikar
  • Har god kunnskap om bil og interesse for faget
  • Er nøyaktig, effektiv og løysingsorientert
  • Likar å samarbeide og trivst med varierte oppgåver
  • Set kundane i fokus og ønskjer å levere kvalitet og god service
  • Er positiv, engasjert og har gode haldningar
Vi tilbyr:
  • Høve til å jobbe med nokre av verdas mest kjende merkevarer
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Konkurransedyktige betingelsar og gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring
  • Støtte til trening og rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet
  • Tilgang til leilegheiter/hytter på Geilo, Maurseth, Svolvær og Mallorca

Hos Frydenbø Bil i Stryn blir du ein del av eit solid og framtidsretta selskap med spennande moglegheiter og gode kollegaer.

Høyrest dette interessant ut? Send inn søknaden din -- vi vurderer kandidatar fortløpande.

Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å ta kontakt med servicemarknadssjef Reidar Hunvik:

Søknadsfrist: Snarest.

Om bedriften

Frydenbø består av to konsern med felles eiere, Frydenbø® Group og Frydenbø International. Frydenbø® Group består av virksomhetsområder; Bil, Eiendom, Maritim Industri og NXT. Frydenbø International består av Frydenbø Marine og Frydenbø GmbH.

Samlet sysselsetter Frydenbø-gruppen ca. 1000 ansatte og omsatte i 2024 for NOK 5 mrd. Frydenbø har sitt hovedkontor på Damsgård i Bergen. Frydenbøs kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse".

Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og forhandler av Volvo, Polestar, Zeekr, Audi, Skoda og Volkswagen. Konsernet hadde en omsetning på 4,23 milliarder kroner i 2024, med 9 090 solgte biler og 423 ansatte.

I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge & Co, og i 2023 overtok vi Møller Bil Ålesund og Molde. I dag har vi bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f0f06bb5-dfd8-4d85-be42-fb7114485c2c

Sist endret

2. juni 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

465596015

Lignende annonser

Laster lignende annonser