Sterilforsyningsmedarbeider
Sterilsentral SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Sterilforsynings medarbeider
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 7
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 9. juni
Vi har ledig to faste stillingar, i tillegg til fem vikariat!
Er du ein nøyaktig, kvalitetsmedviten og serviceinnstilt person som ønskjer ein jobb med stor betydning for pasientane si helse? No har du moglegheit til å bli ein del av vårt dyktige team på Sterilforsyning.
Bak kvar vellykka operasjon står det ein usynleg seksjon – sterilforsyninga. Det er her alt kirurgisk utstyr blir vaska, pakka, kontrollert og sterilisert med millimeterpresisjon før det blir sendt tilbake til seksjonane. Det høyrest rutineprega ut – det er det ikkje.
Hos oss handlar kvar dag om å gjere ein forskjell. Sterilforsyning er hjartet i sjukehuset sitt smittevernarbeid. Vi er ei viktig støttefunksjon for helsepersonell og sørgjer for at kirurgiske instrument og medisinsk utstyr er sterilt, funksjonelt og klart til bruk – og dermed spelar vi ei avgjerande rolle for pasientsikkerheita. Vi har ambisjonar om å byggje ein seksjon med høgt fagleg nivå, der ein arbeider i team og gjer kvarandre gode. Målet er å skape ein seksjon som står for tryggleik, respekt og kvalitet i alle ledd.
Sterilforsyning er ein dedikert seksjon organisert under AIO (Anestesi, anestesileger, operasjon, intensiv, dagkirurgi, sterilforsyning).
Våren 2025 blei sjukehusa i Molde og Kristiansund samlokaliserte til det nye, topp moderne akuttsjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sidan 2017 har sterilforsyning gjennomført omfattande investeringar og oppgraderingar av teknisk utstyr, i tillegg til å innføre eit digitalt sporingssystem som oppfyller krava i forskrifta for medisinsk utstyr. Den nye sterilforsyninga ved SNR på Hjelset er utstyrt med avansert, høgteknologisk medisinsk teknisk utstyr som set ein ny standard for effektivitet og kvalitet.
Seksjonen er eit viktig og eige fagområde innan helsetenesta, og har ansvar for handtering, kvalitetssikring, prosessering, lagring og transport av sterilt fleirgongs- og engongs utstyr til pasientbehandling.
Som ein del av sjukehuset sin beredskap er sterilsentralen i dag døgnbemanna.
Er du vikar kan det gi deg ei moglegheit for fast tilsetjing på eit seinare tidspunkt. Arbeid i 3-delt turnus fordelt på dag, kveld, helg og heilagdagar. I opplæringstida vil arbeidet skje på dagtid.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp som vedlegg til søknaden din.Arbeidsoppgåver
- Mottak, reingjering, desinfeksjon, kontroll, vedlikehald, kvalitetssikring, pakking og sterilisering av kirurgisk utstyr, instrumenter og fleksible skop
- Demontering og montering av ureine og reine instrumenter fra operasjon SNR
- Bruk av digitalt sporingssystem av fleirgangsutstyr for dokumentering
- Håndtering av ulike maskiner i dagleg drift
- Pakke og klargjere prosedyrevogner til operasjon
- Håndtere lager-oppgaver i sterilt lager, system: SAP lagerstyring
- Samhandling med ulike seksjoner for å sikre levering til rett tid
- Bidra til orden og system i sterilsentralen sine lokaler
- Lasting av vogner og utsending av sterilt gods til kliniske seksjoner
- Delta i kvalitetsarbeid som oppfølging av avvik og bidra til forbedringar
- Rutinekontrollar av reingjeringsprosessen og steriliseringsprosessen
- Følge opp krav til medisinsk teknisk utstyr, lokaler og tekniske anlegg
- Varetelling
- Tilleggsoppgåver innanfor IKT arbeid kan bli aktuelt
- Vi har jevnlig undervisning fra eksterne aktørar og interne ressursar, med obligatorisk deltaking
- Seksjonen har eige opplæringsprogram med dokumentasjonsskjema for gjennomgått 1 års opplæring
Kvalifikasjonar
- Fagskuleutdanning innan sterilforsyning, kirurgisk virksomheit, helsefagleg utdanning eller logistikkutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav – vi gir deg den opplæringen du treng for å meistre arbeidsoppgåvene
- Fagbrev i prosess, automasjon og produksjon kan også vurderast
- Ufaglærte med eit ønske om utdanning innan faget er også velkommen til å søkje
- Krav om god norskkunnskap, både skriftleg og muntleg
- Generell god IT kompetanse og teknisk forståing
- Ansvarsbevisst om egen læring
- Arbeidet er fysisk krevende
- Evne til å håndtere krevjande oppgåver i ein til tider hektisk arbeidsdag
- Gode kommunikasjonsevner
- God etisk praksis
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
- Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, og spesielt menn oppfordrast til å søkje for å fremme kjønnsbalansen i sekjsjonen
Personlege eigenskapar
- Du må vere komfortabel med bruk av moderne maskiner og digitale system
- Interesse for kvalitetssikring og smittevern
- Stillinga krev høg grad av nøyaktigheit og evne til å følge prosedyrer og retningslinjer
- Er fleksibel
- Du er ein lagspelar og har evn til å samarbeide i team, men også kunne jobbe sjølvstendig
- Du er utviklingsorientert og endringsvillig
- Du tek ansvar og er opptatt av kvalitet
- Du er nøyaktig i ditt arbeid og held orden
- Du er positiv og har gode haldningar
- Lojal til beslutningar og arbeidsprosedyre
- Det vil vere ein fordel om du trivast med ein travel arbeidskvardag
- Personleg eiganheit vert vektlagt, og di evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Arbeidet forutset tilstrekkelie syn og høyrsel for å ivareta kvalitet, sikkerheit og kommunikasjon i seksjonen
Vi tilbyr
- Ein fagleg sterk seksjon med høg kompetanse innan sterilforsyning og smittevern
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kritisk støttefunksjon for pasientbehandling
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte kollegaer
- Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Tett samarbeid med kirurgiske miljø og andre kliniske seksjoner
- Moderne utstyr og fokus på kvalitet, pasienttryggleik og kontinuerleg forbedring
- Strukturert opplæring og gode rutinar
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ann-Veronica Bratlie, Seksjonsleder, +47 45678689, Ann-Veronica.Bratlie@helse-mr.noArbeidssted
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5128724972
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 09.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f0d9f6e0-3a6b-47ba-8fd8-cb2936ea828c
- Sist endret
26. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3322fa6c217648849eb8406af6bd02e9