Overlege gastrokirurgi/generell kirurgi
Kirurgiske leger SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege gastrokirurgi/generell kirurg
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 24. juni
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal – Hjelset. Vil du vere med å forme framtidas kirurgi i eit nytt og moderne sjukehus?
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk gastro-/generell kirurg som ønskjer å bidra aktivt i utviklinga av kirurgisk aktivitet ved SNR Hjelset. Hos oss får du ei unik moglegheit til å kombinere klinisk arbeid med fagutvikling i eit miljø som er i sterk utvikling.
Sjukehuset vårt er eit godt differensiert lokalsjukehus. Kirurgiske legar SNR er ei felles kirurgisk seksjon med seksjonering innan gastrokirurgi, generell kirurgi, urologi og plastikkirurgi, og sørgjer for eit kirurgisk behandlingstilbod til befolkninga i Nordmøre og Romsdal, som utgjer om lag 110 000 innbyggjarar. Vi har òg traumefunksjon for same region. Ved seksjonen har vi blautkirurgiske senger fordelt på to sengepostar, i tillegg til pasienthotell. Dei øvrige sengene ved dei to sengepostane er til andre kirurgiske fagfelt som ortopedi, ØNH, auge og gynekologi.
Vi er 5–6 overlegar og 8 LIS ved seksjonen. Det er felles kirurgisk vaktordning der LIS går i eige vaktsjikt med todelt vaktdøgn heile veka. Primærsjiktet blir dekt av LIS1. Overlegane dekkjer bakvakt med heimevaktordning.
Vi er i ein spennande utviklingsfase, der ny teknologi og nye arbeidsformer er i ferd med å bli ein naturleg del av kvardagen – inkludert planlagd innføring av robotkirurgi. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønskjer å vere med å forme og vidareutvikle det kirurgiske tilbodet.
Arbeidsoppgåver
- Delta i elektiv og akutt kirurgisk virksomheit
- Bidra til fagleg utvikling innan gastro- og generell kirurgi
- Delta aktivt i utvikling av nye behandlingsmetoder og pasientforløp
- Bidra til eit godt samarbeid i det tverrfagliege miljøet
- Rettleie og bidra til kompetanseutvikling i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Spesialist i gastroenterologisk kirurgi eller generell kirurgi (eller nær ferdig spesialist)
- Brei kirurgisk kompetanse og interesse for fagutvikling
- Erfaring fra norsk helsevesen er ein fordel
- Gode norskkunnskaper, skriftlig og muntlig
Personlege eigenskapar
- Er fagleg engasjert og ønsker å utvikle fagområdet vidare
- Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Er strukturert og beslutningsdyktig
- Trivst i ein arbeidskvardag med både planlagt og akutt aktivitet
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i eit nytt og moderne sjukehus
- Moglegheit til å påverke utviklinga av fremtida sitt kirurgiske tilbod
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Moglegheit for fagleg utvikling, inkludert innan robotkirurgi
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
Kontaktinformasjon
Gunn Eli Kvalsund, Konst. Seksjonsleder, (+47) 477 51 802, Gunn.Eli.Kvalsund@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5143295813
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c722963c-187c-47ac-986f-1d816bb6a45f
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
717b211802b6489195a8eb44241f33d1