100 % vikariat - lærar ved Lægreid skule - skuleåret 2026/2027 (med atterhald)
Lægreid Skule
Skulevegen 4, 5783 Eidfjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærer
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 9. mars
Stillinga
Me har, med atterhald, ledig ei 100 % vikariat lærarstilling ved Lægreid skule, Eidfjord kommune frå 1. august 2026.
Me søkjer etter ein lærar som har god kompetanse i klasseleiing, i variert bruk av digitale læringsverktøy i undervisninga, og har fokus på å skapa gode relasjonar med elevane. Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i særskilt språkopplæring, matematikk, naturfag, musikk og framandspråk (fortrinnsvis spansk).
Det er behov for lærar med grunnskuleutdanning 1. - 7. klasse eller 5. - 10. klasse, og at søkjaren har erfaring i å undervisa på tvers av trinna i grunnskulen. Kontaktlærar kan vera aktuelt. Det er kombinasjonen av ynskte kvalifikasjonar til søkjaren, saman
med allereie eksisterande kompetanse på Lægreid skule, som vil danna grunnlag for tilsetjing.
Personlege eigenskapar
-
likar å arbeida med barn og unge
-
god relasjonskompetanse
-
er ein motivert, engasjert og profesjonsbevisst tilsett og kollega
-
bidreg til trivsel og eit godt og inkluderande skulemiljø og arbeidsmiljø
-
kan samarbeida med fleire for best mogeleg tilrettelegging for våre elevar
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Utlysinga gjeld også for stillingar som det kan vera behov for utover våren og sommaren.
Anna
-
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
-
Løn etter gjeldande avtaleverk.
-
Attestar og vitnemål må leggjast fram før tilsetjing.
-
Politiattest vert krevd i samband med tilsetjinga jf. Opplæringslova §10.9. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden.
Eidfjord er ein av kommunane du kan søkja om nedskriving av studielån.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju frå veke 11.
Anna info
Arbeidsspråk er nynorsk.
Spørsmål
Om du har spørsmål ta kontakt med:
-
rektor Anne Underdal tlf. 922 28 448, eller
-
assisterande rektor Hilde Anette Bu, tlf. 913 46 788
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om Lægreid skule
Lægreid skule (1-10 skule) ligg fint til i Eidfjord, med basseng, idrettshall og stort uteområde rundt seg, som både skule og SFO nyt godt av. Skulen har felles varm lunsj for elevane kvar dag. Med naturen tett på, er det sjølvsagt med uteskule for heile barnetrinnet kvar veke. Skulen deltek i Trivselsleiar-programmet og Vaksne for barn sine livmeistringsprogram.
Lægreid skule er godt utstyrt med digitale hjelpemiddel og læringsressursar, og har digitale tavler i alle klasserom. Dei 110 elevane våre har pc eller læringsbrett 1:1, og nyttar digitale læringsressursar i alle fag. Skulen har fokus på å ha god balanse i bruken av fysiske bøker og digitale verktøy.
Velkomen som søkjar
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
efeee14b-33b8-407e-953e-f2e64f109412
- Sist endret
13. februar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
efeee14b-33b8-407e-953e-f2e64f109412
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Lægreid Skule
Sted
Eidfjord
Barnehagelærer
Arbeidsgiver
Modnen barnehage
Sted
Eidfjord
Arbeidsgiver
Haugen Barnehage As Natur Og Friluftsliv
Sted
Kleppestø, Vestland