Hopp til innhold

100% fast lærarstilling ved Lægreid skule

Arbeidsgiver

Lægreid Skule

Sted

Skulevegen 4, 5783 Eidfjord

Om jobben

Stillingstittel
Lærer
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 9. mars

Stillinga

Me har ledig ei 100 % lærarstilling ved Lægreid skule, Eidfjord kommune frå 1. august 2026.

Me søkjer etter ein lærar som har god kompetanse i klasseleiing, i variert bruk av digitale læringsverktøy i undervisninga, og har fokus på å skapa gode relasjonar med elevane. Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i særskilt språkopplæring, matematikk, naturfag, musikk og framandspråk (fortrinnsvis spansk).

Kvalifikasjonskrav

Det er behov for lærar med grunnskuleutdanning 1. - 7. klasse eller 5. - 10. klasse, og at søkjaren har erfaring i å undervisa på tvers av trinna i grunnskulen. Kontaktlærar kan vera aktuelt. Det er kombinasjonen av ynskte kvalifikasjonar til søkjaren, saman med allereie eksisterande kompetanse på Lægreid skule, som vil danna grunnlag for tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • likar å arbeida med barn og unge.

  • god relasjonskompetanse.

  • er ein motivert, engasjert og profesjonsbevisst tilsett og kollega.

  • bidreg til trivsel og eit godt og inkluderande skulemiljø og arbeidsmiljø.

  • kan samarbeida med fleire for best mogeleg tilrettelegging for våre elevar.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Utlysinga gjeld også for stillingar som det kan vera behov for utover våren og sommaren.

Anna

  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

  • Løn etter gjeldande avtaleverk.

  • Attestar og vitnemål må leggjast fram før tilsetjing.

  • Politiattest vert krevd i samband med tilsetjinga jf. Opplæringslova §10.9. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Eidfjord er ein av kommunane du kan søkja om nedskriving av studielån.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju frå veke 12.

Anna info

Arbeidsspråk er nynorsk.

Spørsmål

Om du har spørsmål ta kontakt med:

  • rektor Anne Underdal tlf. 922 28 448, eller

  • assisterande rektor Hilde Anette Bu, tlf. 913 46 788

Kontaktperson for stillingen

Anne Underdal

Rektor

92228448

Anne.Underdal@eidfjord.kommune.no

Om bedriften

Om Lægreid skule

Lægreid skule (1-10 skule) ligg fint til i Eidfjord, med basseng, idrettshall og stort uteområde rundt seg, som både skule og SFO nyt godt av. Skulen har felles varm lunsj for elevane kvar dag. Med naturen tett på, er det sjølvsagt med uteskule for heile barnetrinnet kvar veke. Skulen deltek i Trivselsleiar-programmet og Vaksne for barn sine livmeistringsprogram.

Lægreid skule er godt utstyrt med digitale hjelpemiddel og læringsressursar, og har digitale tavler i alle klasserom. Dei 110 elevane våre har pc eller læringsbrett 1:1, og nyttar digitale læringsressursar i alle fag. Skulen har fokus på å ha god balanse i bruken av fysiske bøker og digitale verktøy.

Velkomen som søkjar

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

962b5410-ed56-4395-b905-bb0c7edccd57

Sist endret

13. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

962b5410-ed56-4395-b905-bb0c7edccd57

Lignende annonser

Barnehagelærarar

Arbeidsgiver

Oppvekst - Barnehage

Sted

Norheimsund, Strandebarm, Ålvik, Tørvikbygd, Øystese, Øystese