Hopp til innhold

Etterforskar innan internettrelaterte saker

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Storgaten 43, 6508 Kristiansund N

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Etterforskar innan internettrelaterte saker
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om stillinga

Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av internettrelaterte saker? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi har no ledig fast stilling som politioverbetjent, politiførstebetjent eller politibetjent 3/2/1, avhengig av kvalifikasjonar. Stillinga er plassert ved Kristiansund politistasjon, ved seksjon for etterretning, førebygging og etterforsking.

Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. I periodar må ein pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing. Seksjonen ønskjer mangfald og ser spesielt positivt på søkjarar med bakgrunn/erfaring/perspektiv/kompetanse som kan utfylle det vi har frå før. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • etterforsking av straffesaker som gjeld internettrelaterte overgrep, herunder strl. §§311--saker
  • utføre taktisk etterforsking i saker innan eige spesialfelt, utarbeide etterforskingsplaner i Indicia, gjennomføre avhøyr, hovedsakleg
    videoavhøyr
  • fungere som hovudetterforskar i sak
  • utføre sikring og taktisk gjennomgang av digitale bevis
  • delta i operative aksjonar
  • krimvakttjeneste på hver fjerde helg må påregnes 
  • bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
  • bidra til at dei faglege oppgåvene blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
  • kan påleggast andre arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått Politi(høg)skule
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf.
    politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av
    politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • utdanning innan digital sporsikring og/eller kurs i digitale sporsikringsverktøy
  • relevant vidareutdanning innan etterforsking
  • erfaring frå politistilling. Særleg erfaring frå etterforsking av seksuallovbrudd og alvorlege voldssaker er ønskjeleg
  • erfaring i bruk av Axiom, Griffeye eller andre relevante dataverktøy og IT-kompetanse
  • erfaring med arbeid i prosjektmodulen i Indicia

Personlege eigenskapar

  • motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
  • gode samarbeidsevner
  • strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
  • evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheiter
  • ønskjer fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ei utfordrande og meiningsfull fast stilling i Kristiansund
  • For særskilt kvalifiserte/erfarne kandidatar tilbyr vi stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) eventuelt  politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000), jmf. lokale retningslinjer. 
  • Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457).Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
    Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 730 000
    Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000 
    Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000
  • Ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB, for tida på kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste
  • Vi kan dekke eventuelle flyttekostnadar etter nærmare avtale
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
  • Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelsetenest

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Hent inn vitnemålet frå Vintemålsportalen inne på søknaden. Relevante kandidatar vil bli invitert til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

efca3810-0059-4b97-9219-73c3267bbb71

Sist endret

3. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10275399

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Kristiansund N

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Kristiansund N