Førstekonsulent
Møre og Romsdal Politidistrikt
Storgata 43, 6508 Kristiansund N
Om jobben
- Stillingstittel
- Førstekonsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 19. mars
Om stillinga
Vi har ledig ei fast stilling som førstekonsulent ved seksjon for Statens barnehus, med arbeidsstad i Kristiansund. Stillinga er nyoppretta og knytt til etablering av ei underavdeling i Kristiansund i andre halvdel av 2026.
Som førstekonsulent får du ei sentral rolle i den daglege drifta. Du blir del av eit nytt lokalt team saman med tre seniorrådgivarar, og du vil også samarbeide med dei to førstekonsulentane som arbeider i Ålesund. Hovudavdelinga i Ålesund har totalt 11 tilsette, og avdelingane vil ha felles leiing. Underavdelinga vil få moderne, nyoppussa lokale med sentral plassering i Kristiansund.
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere ansvar for videopptak av avhøyr (lyd og bilete), oppkopling og styring av videokonferansar, samt ulike drifts- og kontoroppgåver i det daglege. Arbeidskvardagen kan til tider vere hektisk. Derfor er det viktig at du er fleksibel og løysingsorientert. Sakene vi handterer kan vere emosjonelt krevjande og vi treng deg som er ein god lagspelar og som ønskjer å bidra til eit trygt og utviklingsorientert arbeidsmiljø.
Noko arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast dersom avhøyr må gjennomførast utanfor ordinær arbeidstid.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi søkjer deg som har solid IKT-kompetanse, gode administrative og merkantile ferdigheiter, og som ønskjer ein meiningsfull arbeidskvardag med bidrag inn i politiet sitt viktige samfunnsoppdrag. Du er trygg og fleksibel og blir motivert av ansvar, varierte arbeidsoppgåver og tett samhandling med menneske.
Vi stiller høge krav til arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerar som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- ansvar for videoopptak av avhøyr (lyd og bilete), samt kople opp og styre videokonferanse
- daglege driftsoppgåver, til dømes innkjøp og orden i lokala
- registrere avhøyr i felles kalender, brukarar i journalsystem mm.
- andre kontorfaglege oppgåver, til dømes post og arkivarbeid, føre møtereferat med meir
- praktiske oppgåver knytt til arrangement, til dømes bestilling av mat, førebu rom og oppkopling av teknisk utstyr
- IKT-brukerstøtte til kollegaer ved behov
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga ved behov
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- fullført vidaregåande opplæring (studiekompetanse eller fagbrev). Dokumentasjon må leggast ved søknaden. Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
- god IKT-kunnskap
- relevant erfaring
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med
- relevant høgare utdanning. Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert.
- erfaring med opptak av lyd og bilete, og videooverføring av lyd/bilete
- kompetanse i microsoft Office Excel
- kjennskap til databasehandtering (SQL) og statistikk
Personlege eigenskapar
For å trivast og lukkast godt i stillinga, ser vi for oss at du
- er serviceinnstilt
- er løysingsorientert, ser kva som må gjerast og tar tak
- samarbeider godt med andre
- er strukturert, nøyaktig og etterrettelig, og arbeider godt sjølvstendig
- er fleksibel og tilpassar deg endringar
Personlege eigenskapar og eignaheit for rolla er vektlagt.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ein meiningsfull og utfordrande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme Statens barnehus for framtida
- fast stilling som førstekonsulent (stillingskode 1408) frå kr. 510 000 til 620 000 brutto per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- moglegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansattloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Tina Marita Vestre
Seksjonsleiar
+4748887216
Om bedriften
Seksjon for Statens Barnehus er ein del av Møre og Romsdal politidistrikt, underlagt Felles eining for etterretning, førebygging og etterforskning (FEFE). FEFE består av seksjon for Statens barnehus, seksjon for etterretning og analyse, seksjon for førebygging og seksjon for etterforsking. Seksjon for Statens barnehus har si hovudavdeling i Ålesund og ei underavdeling i Kristiansund.
Barnehusmodellen er ein modell for tverrfagleg og samlokalisert arbeid med saker om vald og seksuelle overgrep mot barn og særlege sårbare vaksne, i politimelde saker. Unge mistenkte inngår også i målgruppa. Barnehusa skal sikre at dei som blir avhøyrt ikkje blir utsett for unødige belastningar, får god og koordinert oppfølging, og blir møtt med høg fagleg kompetanse i trygge og tilrettelagde omgivnadar. Barnehusmodellen kan skildrast som to-spora; straffesakssporet handlar om å koordinere og leggje til rette rundt det som gjeld straffesaken (tilrettelagde avhøyr, politiavhøyr og rettsmedisinske undersøkningar), og oppfølgingsporet handlar om å sikre barn og sårbare vaksne oppfølging og behandling i etterkant.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c52141c3-8996-4cb4-b476-9924e0a56335
- Sist endret
5. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10285586
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Kristiansund N
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Kristiansund N
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Kristiansund N