Hopp til innhold

Studerer du rettvitskap, økonomi eller samfunnsvitskap? Vi søker 6 sommarvikarar for 2026 

Arbeidsgiver

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Sted

Storehagen 1B, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikarar
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Ønsker du å bruke litt av sommaren på å få eit innblikk i kva vi held på med? Vi tilbyr sommarjobb til studentar på alle dei tre områda våre.

Lotteri- og stiftelsestilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet og er staten sitt forvaltningsorgan på områda pengespel, stiftelsar og frivilligheit.  

Gjennom ein sommarjobb hos oss får du praksis og innsikt i dei spennande fagområda våre, samt erfaring frå offentleg forvaltning.   

For avdeling for pengespel og avdeling for frivilligheitsstøtte vil sommarjobben vare ca. ein til to månader, med oppstart 22. juni.
Ved Stiftelsestilsynet vil sommarjobben vare ca. to månadar, gjerne oppstart før 22. juni.


Dette vil du jobbe med

På avdeling for pengespel er vi ute etter to  jusstudentar som er ferdig med to år av studiet eller meir

 Jobben vil hovudsakleg handle om tilsyn med ulovlege pengespel på nett, spesielt marknadsføring og DNS-blokkering. 

(Kontakt: Silje Sægrov Amble, tlf 47409954, silje.saegrov.amble@lottstift.no)

 

På avdeling for frivilligheitstøtte er vi ute etter to juss- eller økonomistudentar som er på siste del av studieløpet (4. eller 5. året)

 Jobben vil hovudsakleg handle om oppgåver knytt til forvaltning av tilskotsordningar, forenkling for frivillig sektor og tilskudd.no. Arbeidsoppgåvene blir tilpassa                    kvalifikasjonane til den som blir tilsett.

(Kontakt: Marianne Alværen Torset, tlf 40639261, marianne.alvaeren.torset@lottstift.no)

 

På Stiftelsestilsynet er vi ute etter to studentar innan juss, økonomi, samfunnsvitskap eller annan utdanningsbakgrunn. Du kan gjerne vere førsteårsstudent.

Jobben vil hovudsakleg handle om oppfølging og kvalitetssikring av Stiftelsesregisteret. 

(Kontakt: Lena Vefring, tlf 40096309, lena.wistrom.vefring@lottstift.no)

 

Dersom du er kvalifisert til fleire av stillingane, skriv gjerne kva avdeling du helst ønsker å jobbe i.  

Kvifor velge oss?

  • Kjekke kollegaer.
  • Stort og spennande fagmiljø, med breitt samansett kompetanse og erfaring.
  • Moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, mellom anna med eige treningsrom og kantine.

Kontaktinformasjon

Silje Sægrov Amble, Seniorrådgivar pengespel, +47 47409954, silje.saegrov.amble@lottstift.no
Marianne Alværen Torset, seniorrådgivar frivilligheitsstøtte, + 47 40639261, Marianne.alvaeren.torset@lottstift.no
Lena Vefring, seniorrådgivar Stiftelsestilsynet, +47 40096309, lena.wistrom.vefring@lottstift.no
Ingunn Kvåle, seniorrådgivar organisasjon og personale, +47 93441703, ingunn.kvaale@lottstift.no

Arbeidsstad

Storehagen 1B
6800 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Lotteri- og stiftelsestilsynet

Referansenr.: 5064806564
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 08.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Silje Sægrov Amble

Seniorrådgivar pengespel

+47 47409954

silje.saegrov.amble@lottstift.no

Marianne Alværen Torset

seniorrådgivar frivilligheitsstøtte

+ 47 40639261

Marianne.alvaeren.torset@lottstift.no

Lena Vefring

seniorrådgivar Stiftelsestilsynet

+47 40096309

lena.wistrom.vefring@lottstift.no

Ingunn Kvåle

seniorrådgivar organisasjon og personale

+47 93441703

ingunn.kvaale@lottstift.no

Om bedriften

«Det er ein god arbeidsplass. Du får jobbe med kjekke folk, spennande arbeidsoppgåver og eit engasjerande samfunnsoppdrag»              

                                                              Hedvig Inderhaug, jurist på pengespelavdelinga og tidlegare sommarvikar.

Vi er rundt 90 engasjerte folk, som jobbar med ulike fagfelt i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Samfunnsoppdraget vårt er at færre skal få problem med pengespel, å gjere det enklare å drive frivilligheit og at stiftelsane skal jobbe for formåla sine.

Vi har godt arbeidsmiljø, og det finst alltid ein kollega du kan spørje om du treng råd og hjelp. Er du den spreke typen tilbyr vi eige trimrom og flotte fjell. Vil du vere sosial møtes vi for eksempel ofte på kviss på Elvesus.

Vi håpar å høyre frå deg!

PS! Lurer du på korleis det er å bu i Sunnfjord? Då kan du sjekke ut denne nettsida

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ef9bc457-a381-4ab7-9786-75a41b8f1d5b

Sist endret

4. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0dc6d445342548bc8d59a59a4689cfbb

Lignende annonser