Hopp til innhold

Vil du leie prosjekt som formar framtidas utsleppsfrie skipsfart?

Arbeidsgiver

Maritime CleanTech

Sted

Meatjønnsvegen 74, 5412 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Prosjektleiar/forretningsutviklar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 25. mai

Vil du leie prosjekt som formar framtidas utsleppsfrie skipsfart, og samtidig jobbe tett med dei fremste fagmiljøa innan teknologi og innovasjon?

I Maritime CleanTech får du ei nøkkelrolle i å utvikle og realisere klimavenlege løysingar for maritim næring.

Me er eit sterkt tverrfagleg miljø der prosjektleiing, strategiske samarbeid og kommunikasjon går hand i hand.

No søker me ein prosjektleiar som vil trivast i skjeringspunktet mellom teknologi, menneske og marknad.

Her får den rette kandidaten vere med å skape resultat saman med eit breitt nettverk.

Om rolla

I denne rolla vil du ha ansvar for å leie og drive fram prosjekt frå idé til gjennomføring, i tett samarbeid med industri, FoU‑miljø og offentlege aktørar.

Samtidig vil du spele ei viktig rolle i å utvikle nye initiativ og bidra i forretningsutvikling.

Du vil arbeide både operativt og strategisk, og vere ein sentral bidragsytar i å skape samanheng mellom prosjekt, partnararbeid og vidare utvikling av Maritime CleanTech.

Gjennom arbeidet blir du ein del av eit sterkt og internasjonalt miljø innan grøn skipsfart og energiomstilling.

Me tilbyr eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med faglege utfordringar i ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar.

Oppgåver knytt til stillinga:
  • Leie teknologiutviklingsprosjekt med norske og internasjonale partnarar

  • Vidareformidle prosjektresultat til næring og styresmakter, både nasjonalt, i EU og internasjonalt

  • Bidra med fagleg grunnlag til utvikling av rammevilkår for utsleppskutt i skipsfarten

  • Delta i å vidareutvikle prosjektmodell og gode arbeidsprosessar for prosjektleiing

  • Identifisere og utvikle nye prosjekt og aktivitetar saman med bedrifter og FoU-miljø

  • Bidra til forretningsutvikling gjennom utvikling av nye samarbeid og finansieringsløp

  • Presentere og marknadsføre Maritime CleanTech, partnarar og prosjekt på eksterne arenaer som f.eks. konferansar og messer

Relevant kompetanse
  • Evne til å bygge relasjonar med kundar/leverandørar og samarbeidspartnarar

  • Utdanning på masternivå

  • Erfaring med å leie prosjekt og drive prosessar framover, gjerne i samarbeid med fleire aktørar

  • Erfaring eller sterk interesse for samspelet mellom teknologi, marknad og politikk

  • Evne til strategisk og analytisk tenking

  • Erfaring frå næringsliv, FoU og/eller samarbeid knytt til teknologiutvikling og omstilling

  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk

Hos oss er arbeidsdagen dynamisk og personlege eigenskapar er viktig.

Den me ser etter er sjølvstendig, fleksibel, nytenkande, positiv og motivert.

Maritime CleanTech har kontor på Stord, i Bergen og i Stavanger. Den rette kandidaten vil tilhøyra eit av desse kontora.

Stillinga vil medføra noko reising.

Om bedriften

Maritime CleanTech er eit leiande europeisk innovasjonsmiljø for utvikling av ein meir berekraftig skipsfart.

Me samlar industri, kunnskapsmiljø og styresmakter i internasjonale samarbeid som utviklar og tar i bruk låg‑ og nullutsleppsløysingar i marknaden.

Gjennom prosjekt jobbar me med teknologiutvikling, marknadsopptak og rammevilkår, frå idé til gjennomføring.

Maritime CleanTech jobbar saman med over 150 partnarar og prosjekt for å få fleire gode løysingar i drift raskare.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ef91621d-71a3-4190-8f3f-1e42579ff7ab

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

462851369

Lignende annonser

Laster lignende annonser