Hopp til innhold

Kreativ bakar søkast til idylliske Sandane!

Arbeidsgiver

Lauget AS

Sted

Grandavegen 28, 6823 Sandane

Om jobben

Lauget har ledig stilling som bakar! 
Lauget er ein liten kafé og kaffibar på vakre Sandane i Gloppen. 
Vi bakar handverksbrød, søt gjærbakst og wienerbakst.

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Baker
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidstid
Skift, dagtid og natt, alle dager

Søk på jobben

Søk senest onsdag 20. mai

Alternativt kan du sende søknad via e-post til hei@kaffibar.no

Hva vi ser etter

Vi ser etter ein effektiv og sjølvstendig bakar.

Du må vere pliktoppfyllande og presis, og ta i mot ordrar på ein ordentleg måte. Du må også kunne jobbe godt saman med andre.

Vi set pris på deg som er samarbeidsvilleg og utadvendt, men som også kan vere svært sjølvgåande og kreativ.

Du må brenne for faget ditt, og elske kvalitetsbakst.

Arbeidsoppgaver

Vi ynskjer deg som har fagbrev i bakarfaget. 
Grundig opplæring vil også bli gjeve.

Du må kunne jobbe noko nattetid, men mest tidleg morgon (frå 06), fem dagar i veka med relativt fast rullering.

Stillinga er 100%, og varer minst ut august 2027, med moglegheit for forlenging.

Oppstart på opplæring so snart som råd, seinast 1.mai 2026.

Du må beherske eit skandinavisk språk og/eller engelsk.
Du vil få stort ansvar åleine, og moglegheiter for å ha kreative innspel på produksjonen.


Dette er ein unik sjanse for deg som ynskjer å jobbe som bakar, i den vakraste bygda i Noreg!

Vi kan hjelpe med å skaffe bustad dersom det er naudsynt.

Vi ser etter ein som har stor arbeidskapasitet og eit brennande ynskje om å vere med å skape den gode Lauget-stemninga gjennom deilig bakst!


Vi tilbyr

Vi tilbyr eit triveleg arbeidsmiljø i heilt nye lokaler.

Bakeriet vårt er lite, men rommar det viktigaste.

Du vil jobbe nært saman med dei andre på kjøkenet, der tempoet er tidvis høgt.

Du vert tilknytt bedriftshelseteneste, yrkesskadeforsikring og pensjonssparing.

Vi tilbyr løn på nivå med andre bakarar i Noreg.

Ferie etter avtale og etter standard feriereglar.

Kontaktperson for stillingen

Charlotte Eikeset Birkedal

Dagleg leiar og medeigar

hei@kaffibar.no

Om bedriften

Lauget er ein liten kafé og kaffibar i vakre Sandane i Gloppen.

Vi har vårt eige bakeri bak kafélokalet, der forbipasserande kan kikke inn til oss gjennom vindua mot gata.

Vi har skjenkeløyve og ei lita scene. På fredagskveldane har vi ofte arrangement som konsertar og quiz.

Lauget er hjartet i sentrum av Sandane, og ein viktig møtestad for både fastbuande og turistar.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ef603a23-31b3-4492-997b-9439776e81c5

Sist endret

29. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

ef603a23-31b3-4492-997b-9439776e81c5

Lignende annonser

Laster lignende annonser