Hopp til innhold

80% stilling som helsefagarbeidar ved Eidesbrotet bofellesskap

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap

Sted

Eidesbrotet 25, 5750 Odda

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Nattarbeid med meining – helsefagarbeidar søkjast

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, har ledig 80 % nattstilling som helsefagarbeidar i eit 6 månaders vikariat, med moglegheit for forlenging, ved Eidesbrotet bufellesskap. Stillinga er ledig frå snarast.

Dette er ei stilling for deg som trivst med nattarbeid og ønskjer ein jobb der du får vere ein trygg og stabil vaksen i dei timane døgnet er som mest sårbart. På natt er det færre ord, men handlingane betyr desto meir.

  

Om oss

Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne personar med funksjonsnedsetting og ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 brukarar, både i bufellesskapet og i nærområdet.

Hos oss står mennesket i sentrum. Vi arbeider for at kvar enkelt skal oppleve tryggleik, meistring og verdigheit – heile døgnet. Samstundes er vi opptatt av å vere ein god arbeidsplass, med rom for fagleg utvikling, samarbeid og varme i kvardagen. Også på natt er du aldri åleine om ansvaret.

  

Arbeidsoppgåver

Som helsefagarbeidar på natt har du ei viktig rolle i å sikre ro, tryggleik og god omsorg for brukarane våre. Arbeidet krev fagleg tryggleik, gode vurderingar og evne til å jobbe sjølvstendig.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
  • Tilsyn og oppfølging av brukarar gjennom natta, med fokus på tryggleik, stabilitet og ro

  • Ivaretaking av individuelle behov, til dømes ved uro, søvnvanskar eller andre situasjonar som kan oppstå på natt

  • Observasjon av helsetilstand og endringar i funksjon, samt iverksetting av nødvendige tiltak

  • Handtering av uventa hendingar og akutte situasjonar i tråd med gjeldande rutinar

  • Utføring av praktiske pleie- og omsorgsoppgåver ved behov

  • Dokumentasjon i journalsystem og rapportering til dag- og kveldspersonell

  • Bidra til orden, struktur og trygg drift i bufellesskapet gjennom natta

 Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Andre relevante fagutdanningar kan vurderast
  • Grunnleggande datakunnskap
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
  • er trygg, ansvarsbevisst og roleg i møte med andre
  • trivst med nattarbeid og kan jobbe sjølvstendig
  • har engasjement for menneske med ulike behov
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

 


Vi kan tilby
  • Ei meiningsfull stilling der du gjer ein reell forskjell
  • 80 % nattstilling i 6 månaders vikariat, med moglegheit for forlenging
  • Oppstart snarast mogleg
  • Opplæring og rettleiing
  • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode kollegaer som tek vare på kvarandre
  • Moglegheit for tilrettelegging av overnatting for deg som bur i annan kommune

Politiattest må framleggjast før tilsetting.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ef4fc26f-cd7a-4897-b8f0-d1cc90521a2d

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3585987_250469_nn

Lignende annonser