Hopp til innhold

Barnepleiar/helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Føde og barsel SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Barnepleier
Type ansettelse
Vikariat, deltid 20%
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest fredag 22. mai

Har du lyst på ein spanande, givande og fagleg utfordrande jobb? Velkomen til oss som barnepleiar/helsefagarbeidar ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.(SNR)  

Vi har ledig 2 vikariat, med oppstart frå ca. 01.09.2026 med varigheit 1 år!

Føde/barsel SNR har årleg i overkant av 700 fødslar, og vi har stor aktivitet. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid. Vi har akkurat flytta inn i eit nytt, topp moderne fellessjukehus på Hjelset.

Sjukehuset SNR er eit av tre sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er plassert i Avdeling for kirurgi og føde, og er ein kombinert sengepost for føde og barsel. Vi er sertifisert som ei mor/barn vennleg avdeling (sist re-sertifisert i 2021), og arbeider etter retningslinene som ligg i "Eit trygt fødetilbod". Vi tilbyr ein-til-ein omsorg i aktiv fødsel, og tett oppfølging og ammerettleiing under barselopphaldet. Vi har kun familierom slik at begge foreldre kan bu saman under barseltida. Av smertelindring under fødsel tilbyr vi mellom anna jordmor tilstade under heile forløpet, massasje, akupunktur/akupressur, dusj/badekar, pudendalblokade og epiduralanalgesi. På poliklinikken har vi oppfølging både av gravide og barselkvinner etter tidleg heimreise.

Vi er eit tverrfagleg team i ulik alder og erfaringsgrunnlag, her kjem du til å passe godt inn enten du er nyutdanna eller erfaren!

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad.

Arbeidsoppgåver

  • Barnepleier/helsefagarbeider inngår i teamarbeid saman med jordmor for å ivareta fødekvinna, det nyfødte barnet og barselfamilien både under innlegging og poliklinisk virksomheit
  • Kvalifikasjonar

    • Helsefagarbeider med videreutdanning i barsel- og spebarnspleie
    • Helsefagarbeider uten videreutdanning kan også søkje

    Personlege eigenskapar

    • Du er motivert for fagleg utvikling
    • Du er positiv, fleksibel og tilpassingsdyktig
    • Du har gode samarbeidsevne
    • Du arbeider sjølvstendig, men har samstundes evne til å arbeide tverrfagleg 
    • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

    Vi tilbyr

    • Topp moderne fødeavdeling i eit nytt sjukehus
    • Sterkt tverrfagleg samarbeid
    • Ein inkluderande arbeidsplass
    • Løn etter gjeldande overeinskomstar
    • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

    Kontaktinformasjon

    Ingeborg Hjertvik, Seksjonsleder, +47 91647756

    Arbeidsstad

    Opdølvegen 4
    6450 Hjelset

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

    Referansenr.: 5126164667
    Stillingsprosent: 20%
    Vikariat
    Startdato: 01.09.2026
    Sluttdato: 31.08.2027
    Søknadsfrist: 22.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Ingeborg Hjertvik

    Seksjonsleder

    +47 91647756

    Om bedriften

    Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


    Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    eee87d2b-b788-4175-9898-15cc5e349c5a

    Sist endret

    13. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    5fbaf9517369410c9356adddf21aaba9

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser