Hopp til innhold

Jordmor

Arbeidsgiver

Føde og barsel SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Jordmor
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest fredag 22. mai

Har du lyst på ein spanande, givande og fagleg utfordrande jobb? Då er du velkomen til oss som jordmor ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, SNR.

Vi har ledig 2 vikariat som jordmor med oppstart frå snarast, varigheit 1 år!

Føde/barsel SNR har årleg i overkant av 700 fødslar, og her er stor aktivitet. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid. Vi har akkurat flytta inn i eit nytt, topp moderne fellessjukehus på Hjelset.

Sjukehuset SNR er eit av tre sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er plassert i Avdeling for kirurgi og føde, og er ein kombinert sengepost for føde og barsel. Vi er sertifisert som ei mor/barn vennleg avdeling (sist re-sertifisert i 2021), og arbeider etter retningslinene som ligg i "Eit trygt fødetilbod". Vi tilbyr ein-til-ein omsorg i aktiv fødsel, og tett oppfølging og ammerettleiing under barselopphaldet. Vi har kun familierom slik at begge foreldre kan bu saman under barseltida. Av smertelindring under fødsel tilbyr vi at jordmor er tilstade under heile forløpet, massasje, akupunktur/akupressur, dusj/badekar, pudendalblokade og epiduralanalgesi. På poliklinikken har vi oppfølging både av gravide og barselkvinner etter tidleg heimreise.

Vi er eit tverrfagleg team i ulik alder og erfaringsgrunnlag, her kjem du til å passe godt inn enten du er nyutdanna eller erfaren.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad.

Arbeidsoppgåver

  • Kontinuerleg og heilskapeleg fødselsomsorg
  • Varierte jordmorfaglege oppgåver innanfor svangerskap, fødsel og barsel

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • Det er ønskjeleg at du har meir enn 1 års erfaring frå fødeavdeling

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert for fagleg utvikling
  • Du er positiv, fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du arbeider sjølvstendig, men har samstundes evne til å arbeide tverrfagleg 
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Topp moderne fødeavdeling i et nybygd sjukehus
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • 3-delt turnus
  • Internundervisning og kurs
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Ingeborg Hjertvik, Seksjonsleder, +47 91647756

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5125784471
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 22.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Ingeborg Hjertvik

Seksjonsleder

+47 91647756

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7db6c321-77e6-4a68-b85d-5d0fb83f406c

Sist endret

12. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

303bae8557774cde9a839f0b2fd00aae

Lignende annonser

Laster lignende annonser