Hopp til innhold

ID 2409 Kokk - Eining for institusjonar

Arbeidsgiver

Stord kommune

Sted

Stord

Om jobben

Stillingstittel
Kokk
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Eining for institusjon består i dag av Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter Denne stillinga er i hovudsak knytt til Stord sjukeheim, men noko arbeid på Knutsaåsen omsorgssenter kan påreknast ved behov.

Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar i tillegg til eit dagtilbod for personar med demenssjukdom.

Me har frå snarast ledig fast 80% stilling som kokk ved Stord sjukeheim.

Me søkjer etter ein engasjert og dyktig kokk til vårt mottakskjøkken. Arbeid kvar tredje helg må påreknast. Stord sjukeheim er organisert saman med Knutsaåsen omsorgssenter, og me vil i større grad bygje eit samla kompetansemiljø innan kjøkkentenester for begge institusjonane.

Kvalifikasjonskrav:
  • Fagbrev som kokk

  • Erfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkken

  • Kunnskap om Internkontroll mat i institusjon

  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Arbeidsoppgåver:
  • Tilbereding av måltid i tråd med gjeldande kosthaldskrav

  • Ivareta god hygiene og trygg matproduksjon

  • Bidra til å sikre gode innkjøpsrutinar og ha god økonomiforståing knytt til drifta.

  • Samarbeide tett med postkjøkken i avdelingane

  • Koordinatorfunksjon kan verta tillagt stillinga

Me ønskjer ein person som:
  • Er ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert

  • Er god på samarbeid med kollegaer og andre faggrupper

  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Me kan tilby:
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

For nærare opplysningar, ta kontakt med: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane, tlf 924 86 358

Kontaktperson for stillingen

Britt Nelly Hystad Barane

Eininsgleiar

924 86 358

britt.nelly.hystad.barane@stord.kommune.no

Om bedriften

Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

eea96ad5-2b4e-479d-801a-9ca425119588

Sist endret

13. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

eea96ad5-2b4e-479d-801a-9ca425119588

Lignende annonser