To stillingar som undervisningsassistent
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- To stillingar som undervisningsassistent
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUndervisningsassistentar (fagkonsulentar)
Ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, er det ledig to stillingar som undervisningsassistent (fagkonsulent, kode 0389) frå 3. august 2026 til 30. mai 2027.
Arbeidsoppgåver:
- Vere undervisningsassistent på emne på 100- og 200-nivå i haustsemesteret 2026 og vårsemesteret 2027, tilpassa utdanningsbakgrunn til den som får stillinga. Dei to som vert tilsett må til saman i størst mogleg grad dekke emne innan både samfunns- og natur- og miljøgeografi.
- Leie seminargrupper/datalab i dei respektive emna, både på norsk og engelsk. Kommentere obligatoriske oppgåver. Ha ei mentorrolle for bachelorstudentar og årsstudentar i geografi, spesielt dei heilt ferske studentane.
- Utarbeide undervisningsmateriell.
- Planlegge og gjennomføre rekrutteringsarbeid og besøk på vidaregåande skular og folkehøgskular.
- Påkommande arbeid for instituttet i periodar det er færre oppgåver knytt til emne ein er undervisningsassistent i.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad i geografi. Studentar som leverer masteroppgåva i vårsemesteret kan også søkje. Mastergraden må vere oppnådd før kandidaten kan starte i stillinga
- God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
- God administrativ IT-kompetanse
- Relevant arbeidserfaring vil vere ei føremon. For undervisningsassistentar som ikkje har pedagogisk opplæring, vil det bli arrangert kurs i seminarpedagogikk i byrja av semesteret
- Evne til å arbeide systematisk, resultatorientert og sjølvstendig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel og arbeidsvillig
- Like å jobbe med menneske og vise engasjement for faget
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Årsløn tilsvarande NOK 509 300 (stillingskode 0389 – Fagkonsulent) For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk JobbNorge. (via link på denne sida ”søk på jobben”.)
Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.
Søknadsfrist: 3. mai 2026.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Rannveig Øvrevik Skoglund, e-post: rannveig.skoglund@uib.no eller telefon 55583498, eller studiekonsulent Grethe Meling, epost grethe.meling@uib.no eller telefon 55583073.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskaplige fakultet består av syv institutt. Les mer om fakultet og tilhørende institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ee9848fc-319b-476c-b098-4f8421c473ac
- Sist endret
16. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10291443