Hopp til innhold

Lærar anleggsgartnar 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Gjermundnes vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Gjermundnesvegen 200, 6392 Vikebukt

Om jobben

Stillingstittel
Lærar anleggsgartnar 100% fast stilling
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Vil du vere med å sikre framtidas anleggsgartnarar kompetanse innan grøntanlegg, natursteinsarbeid, maskinbruk og berekraftige uteområde? Som lærar hos oss blir du del av eit engasjert fagmiljø som jobbar for at skulen skal vere "eit naturleg val for framtida". Vi har ledig ei 100% fast stilling som lærar frå 01.08.2026. Den som blir tilsett skal i hovudsak undervise i programfaga på Vg2 anleggsgartnar. Undervisning i andre fag ved skulen kan også bli aktuelt. 

Arbeidsoppgåver

  • undervisning i programfaga på Vg2 anleggsgartnar, både i den praktiske og teoretiske delen av faga
  • vurderingsarbeid
  • undervisning i andre fag ved skulen kan bli aktuelt
  • kontaktlærarfunksjon kan bli aktuelt
  • samarbeid med andre faginstansar ved behov

Kvalifikasjonar

  • relevant fagleg og pedagogisk utdanning som fyller kompetansekravet for tilsetting som lærar i vidaregåande skule. Søkjarar som ikkje har pedagogisk utdanning er velkomne til å søke på vilkår av at dei vil ta slik utdanning.
  • god norskkompetanse, både skriftleg og munnleg
  • god digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • trivast i lag med ungdom og har god evne til relasjonsbygging
  • er ein trygg og tydeleg vaksen, både i og utanfor klasserommet
  • gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø
  • ein allsidig arbeidsplass med dyktige medarbeidarar med brei kompetanse
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
    løn etter tariff
     
    Anna 
    Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
    Den vil bli tilsett må levere gyldig politiattest.

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Leif Einar Næss, Avdelingsleiar Naturbruk, +47 48249294, Leif.einar.ness@mrfylke.no

Arbeidsstad

Gjermundnesvegen 200
6392 Vikebukt

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5090846335
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Leif Einar Næss

Avdelingsleiar Naturbruk

+47 48249294

Leif.einar.ness@mrfylke.no

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Om skolen (gjermundnes.vgs.no)
Gjermundnes vidaregåande skole har dei siste åra hatt om lag 130 elevar kvart år. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.

Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.
Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ee42ed39-c856-45ea-88f0-29dedff9ec70

Sist endret

9. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

87ad0355060c458a9bc6e94cdc865315

Lignende annonser