Hopp til innhold

Lærar teknologi- og industrifag 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Gjermundnes vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Gjermundnesvegen 200, 6392 Vikebukt

Om jobben

Stillingstittel
Lærar teknologi- og industrifag 100% fast stilling
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Vil du vere med å utdanne og løfte opp framtidas fagarbeidarar innan teknologi og industri? Vi tilbyr eit praksisnært utdanningsløp og samarbeidar tett med lokalt næringsliv. Som lærar hos oss blir du del av eit engasjert fagmiljø som jobbar for at skulen skal vere "eit naturleg val for framtida". Vi har ledig ei 100 % fast stilling som faglærar i teknologi- og industrifag frå 01.08.2026, med undervisning på Vg1 og Vg2.

Arbeidsoppgåver

  • undervisning i programfag på verkstad og i klasserom på Vg1 og Vg2
  • oppfølging av elevar i samarbeid med bedrifter
  • å halde seg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa, og fagleg oppdatert i eigen praksis
  • kontaktlærarfunksjon kan bli aktuelt

Kvalifikasjonar

  • relevant fagleg og pedagogisk utdanning som fyller kompetansekravet for tilsetting som lærar i vidaregåande skule. Søkjarar som ikkje har pedagogisk utdanning er velkomne å søke på vilkår av at dei vil ta slik utdanning
  • fagbrev og yrkespraksis som er relevant for programområdet
  • kompetanse innanfor maskiner, produksjon, teknologi, elektro, pneumatikk og HMS er relevant
  • kjennskap og nettverk til regionalt næringsliv
  • interesse for arbeid med ungdom
  • gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • god digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • trivast i lag med ungdom og har god evne til relasjonsbygging
  • er ein trygg og tydeleg vaksen, både i og utanfor klasserommet
  • gode samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, tar initiativ til samarbeid og er ein pådrivar for utvikling

Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø
  • ein allsidig arbeidsplass med dyktige medarbeidarar med brei kompetanse
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter tariff

    Anna 
    Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
    Den som blir tilsett må levere gyldig politiattest.

Kontaktinformasjon

Sunniva Blom, Avdelingsleiar Teknologi- og industrifag, 95459605, sunniva.blom@mrfylke.no

Arbeidsstad

Gjermundnesvegen 200
6392 VIKEBUKT

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5092006120
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Sunniva Blom

Avdelingsleiar Teknologi- og industrifag

95459605

sunniva.blom@mrfylke.no

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Om skolen (gjermundnes.vgs.no)
Gjermundnes vidaregåande skole har dei siste åra hatt om lag 130 elevar kvart år. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.

Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.
Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a0b1d38e-169d-4508-83d8-6907bf426ea9

Sist endret

9. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

85a57821c3e74df6a08d4914d4e503fd

Lignende annonser