Lærarar
Masfjorden kommune
Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærarar (Mars 2026)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. mars
Om stillinga
Masfjorden kommune søker etter lærarar for skuleåret 2026/2027. Det er både faste- og mellombelse stillingar.
Skriv i søknaden om du søkjer på stilling ved alle tre skulane, eller berre på éi eller to av dei.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i klasse og mindre grupper
- Undervisning på ulike trinn og i fag etter behov ved skulen
- Samarbeid med kollegaer og i team med vekt på å styrkje læringa til elevane og å utnytte og vidareutvikle kompetansen i personalet
- Samarbeid med føresette og eksterne instansar
- Aktiv deltaking i utviklingsarbeid ved skulen
Me søker
- Me søker etter lærarar med godkjent fagleg og pedagogisk utdanning etter opplæringslova
- Ønskjeleg med kompetanse i engelsk, naturfag, matematikk, tysk. Andre framandspråk kan verte vurderte
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Du er ein tydeleg og trygg vaksen
- Du har interesse for, og engasjement i, å arbeide med barn og unge
- Du kan inspirere, motivere og engasjere elevane
- Du har kompetanse i bruk av IKT
Anna
- Tenestespråket i Masfjorden kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing i skulen vert det stilt krav om politiattest
- Frå 2026 vil du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt når du har budd 1 år i Masfjorden kommune. 25 000 kroner blir sletta for dei som oppfyller vilkåra kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her
Slik søkjer du:
Søk elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida.
Masfjorden kommune
Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og Modalen og Alver i sør.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.
Video: https://youtu.be/_nnKbz57cgo?si=4f61y1db2mdKdopDOm bedriften
Masfjorden kommune har tre skular. Nordbygda skule, Matre skule og Sandnes skule. Dette er 1 -10 skular, der dei minste skulane er fådelte.
Skulane har gode uteområde og nærleik til natur. Å ta nærmiljøet i bruk i skulekvardagen er viktig på alle skulane våre.
Me har tett samarbeid med barnehagane.
På skulane har me fokus på å skape gode skulemiljø, der me er rause med kvarandre, og er opptekne av å bygge trygge relasjonar.
Me er MOT-skular, og er i oppstarten med PALS.
Lokalmiljøa rundt skulane er prega av aktive organisasjonsmiljø med mange tilbod, mellom anna kulturskule, idrettsskule, fotballag, all-idrett, sjakk-klubb og skulemusikk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
edd177ce-b312-40e1-bcc3-c2910fee56b5
- Sist endret
27. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10284534
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Masfjorden kommune
Sted
Masfjordnes, Matredal
Undervisningsstilling - 100% vikariat - Hordabø skule
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Bøvågen
Ringevikarar - Leiknes skule 25/26
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Hjelmås