Hopp til innhold

Undervisningsinspektørar

Arbeidsgiver

Masfjorden kommune

Sted

Austfjordvegen 2634(Sandnes skule), 5981 Masfjordnes, Matre 6 (Matre skule), 5984 Matredal

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningsinspektørar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Om stillingane

Masfjorden kommune søker etter to undervisningsinspektørar i 100% faste stillingar frå og med 01.08.2026. Ei av stillingane er knytt til Sandnes skule og ei av stillingane er knytt til Matre skule. Som undervisningsinspektør utgjer ein leiinga på skulen saman med rektor.

Skriv i søknaden om du søkjer på begge stillingane, eller berre på ei av dei.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til pedagogisk leiing, personalrettleiing, bidra til eit lærande profesjonsfellesskap, fremja eit godt læringsmiljø
  • Oppfølging av saker som gjeld personale, elevar og føresette
  • Administrativ leiing: ressurs- og timeplanlegging og fravær
  • Skaffe og koordinere vikarar, samt vere vikar ved behov
  • Ansvar for praktiske driftsoppgåver som arrangement, innkjøp og brannvern
  • Stadfortredar for rektor når rektor er vekke
  • Undervisning. Oppsett på timeplan og/eller vikarpott

Me søker

  • Ha godkjent undervisningskompetanse
  • Gjerne med relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • Erfaring med individuelt tilrettelagd opplæring
  • Sterk relasjonskompetanse og gode samarbeidsevner
  • Pedagogisk nysgjerrig og oppdatert på varierte undervisningsmetodar
  • Gode IKT-kunnskapar og kjennskap til digitale læringsressursar
  • Elevsyn i tråd med LK20 og ny opplæringslov

Me tilbyr

  • Inkluderande og positive felleskap, og tilsette med høg fagleg kompetanse
  • Eit humørfylt og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse

Anna

  • Tenestespråket i Masfjorden kommune er nynorsk 
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar 
  • For tilsetjing i skulen vert det stilt krav om politiattest 
  • Frå 2026 vil du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt når du har budd 1 år i Masfjorden kommune. 25 000 kroner blir sletta for dei som oppfyller vilkåra kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her

Slik søkjer du: 
Søk elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida.


Masfjorden kommune

Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og Modalen og Alver i sør.

Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar. 

Video: https://youtu.be/_nnKbz57cgo?si=4f61y1db2mdKdopD

Skulane i Masfjorden

Masfjorden kommune har 3 skular: Matre skule, Nordbygda skule og Sandnes skule. Skulane er 1-10 skular. Skulane er MOT-skular, og er i gang med å innføre PALS. 


Kontaktpersoner for stillingen

Marit Kristin Nygard Nese

Rektor Matre skule

+4799034573

marit.nese@masfjorden.kommune.no

Renee Kårtveit

Rektor Sandnes skule

+4741660696

renee.kartveit@masfjorden.kommune.no

Om bedriften

Matre skule

Matre skule er ein 1-10 skule med om lag 45 elevar skuleåret 2026/2027. Det er ein fådelt skule, og omlag 13 årsverk. Matre skule er ein liten skule, og det er eit tett og godt samarbeid på tvers av trinna. Det er både basseng og idrettsbane i tilknytning til skulen. Matre skule ligg tett ved E39, det tek omlag 45 minutt å køyre frå Knarvik. På Matre skule er me oppteken av å sjå den enkelte elev, ha eit positivt elevsyn og me har eit mål om vere best på å vere liten. Lokalmiljøet rundt Matre skule er prega av eit aktivt organisasjonsmiljø med mellom anna kulturskule, idrettsskule og fotballag. 

Sandnes skule

Sandnes skule er ein 1-10 skule med om lag 60 elevar skuleåret 2026/2027. Sandnes skule har eit variert og stort uteområde kring skulen, og med fine turmoglegheiter i nærmiljøet. Skulen ligg tett på sjø og fjell som på enkelt vis også kan brukast til undervisning. I bygda er det eit aktivt og positivt lokalmiljø og her finst mange tilbod for liten og stor drifta av eit rikt organisasjonsliv, mellom anna sjakk, allidrett, korps, e-sport og fotball. Trening er det også rom for. Me har eit godt samarbeid med både kulturskulen og idrettskulen som også er viktige for barn og unge ved Sandnes skule.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

671688b5-b3e8-4378-9eb4-d462b36289a1

Sist endret

27. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10284530

Lignende annonser

Lærarar (Mars 2026)

Arbeidsgiver

Masfjorden kommune

Sted

Masfjordnes