Hopp til innhold

Operasjonell innkjøper

Arbeidsgiver

Seksjon for Innkjøp og logistikk, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Operasjonell innkjøper
Oppstart
13. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vi har ledig eit vikariat som operasjonell innkjøper!

Som innkjøpskonsulent skal du vere med å sørgje for at helsepersonell har tilgang til nødvendige varer og materiell for å kunne gje god og sikker pasientbehandling.


Arbeidsoppgåver

  • Innkjøp av varer til lager og avdelingar ved våre sjukehus og andre eksterne einingar
  • Følgje opp ordrar, leveransar og leverandørar
  • Sikre effektiv bruk av ERP-systemet SAP
  • Registrere avvik og løyse problemstillingar knytt til leveransar
  • Fakturahandtering
  • SAP-support internt i helseføretaket

Kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning, gjerne bachelorgrad innan fag som innkjøp, logistikk og administrasjon
  • God generell datakunnskap, gjerne med arbeidserfaring og kjennskap til SAP
  • Kunnskap/kjennskap til innkjøpsprosessar
  • Erfaring fra kontakt og oppfølging av leverandørar
  • Manglande formell kompetanse kan kompenserast med relevant erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 
  • Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i samarbeid med både fagkollegaer og anna fagpersonell
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Du jobbar strukturert, er grundig og nøyaktig
  • Du har eit sterkt ønske om å yte god service

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her

Kontaktinformasjon

Hallgeir Hartvigsen, Innkjøpssjef, Hallgeir.Hartvigsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5080193582
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 13.04.2026
Sluttdato: 31.05.2027
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Hallgeir Hartvigsen

Innkjøpssjef

Hallgeir.Hartvigsen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ed023dc9-5de3-43f5-ba8b-62b4a88b0577

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

966117cfb38d402fa35a434e87b81e7d

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Kommunalområde Organisasjon, Konserninnkjøp

Sted

Ålesund

Helsefagarbeidar - vikariat ved Valderøy omsorgsdistrikt heimebasert omsorg

Arbeidsgiver

Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune

Sted

Valderøya