Miljøterapeut
Avdeling Haram bustadar 1, Haram kommune
Brattvåggata 19, 6270 Brattvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Butenesta i Haram har ledig 100% stilling som Miljøterapeut. Vi har ledig to 100% stillingar, for tida i avdeling Haram bustadar 1. Turnus for stillingane er for tida dag og kveld, med arbeid kvar 3. helg. Vi har hovudkontor i Brattvåggata 19.
Haram bustadar yter tenester til i hovudsak mennesker med diagnose psykisk utviklingshemming. Vi kan tilby eit god fagmiljø og butenesta har fokus på å yte gode tenester, fagutvikling og kompetanseheving. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ei 4 årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Veilederen "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet.
No i 2025 er avdelinga med i prosjektet TØRN.
Stillingane er ledig frå 3. november -25, eller etter avtale.
Haram bustader består av tre avdelingar, Haram bustader 1 som består av bustadar, Haram bustadar 2 som består av bustader, Solbakken bukollektiv og dagsenter, og vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning.
Miljøterapeutane i alle avdelingane kan samarbeide på tvers. Vi har jevnleg miljøterapeutmøter der ein kan dele og søke kunnskap med kollegaer. Vi har ei tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av ulike utdanningar og kompetanse.
Haram kommune er opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskjer.
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
- Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
- Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
- Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
- Gruppeleiar med primæransvar.
- Legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag.
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
- Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Førarkort kl. B.
- Erfaring frå arbeid rundt menneske med psykisk utviklingshemming.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Viser initiativ og er kreativ.
- Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Har ønske om å utvikle deg og tilegne deg ny kunnskap og erfaring.
- Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
- Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Evnar å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
- Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
- Er lojal og stabil.
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
- Rom for å vere kreativ.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
- Avsett tid i turnus til å jobbe med fag og oppfølging av primærkontaktrolla.
- Du vil jobbe i eit miljøterapeutteam i lag med 5 andre miljøterapeutar i Haram bustader 1, samt helsefagarbeidarar og assistentar.
Kontaktinformasjon
Susanne Kristin Snipsøyr, Avdelingsleiar, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.noLinn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Brattvåggata 196270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5011537010
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eb86c554-3a30-4eb1-ab4a-9984eaab9c79
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b71a6c73e58d457d8e5dc5d432d4c23c