Hopp til innhold

Kontaktperson i undersøking- og hjelpetiltaksteamet

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Sogn barnevern

Sted

Dalavegen 2, 6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 22. juli

Me søkjer no etter ein sjølvstendig og løysingsorientert kontaktperson i 100% fast stilling.  

Som kontaktperson vil du arbeide med oppfølging av undersøking og evaluering av hjelpetiltak kring barn og deira familiar, i tråd med Lov om barnevern.  

Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Luster, Sogndal og Vik, med hovudkontor i Sogndal. Sogn barnevern har i dag i overkant av 20 årsverk som arbeider for å sikre gode tenester til barn og unge. 

Kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal har starta arbeidet med å etablere ei ny felles barnevernsteneste frå 1. januar 2027. Sogndal kommune er vertskap for den nye tenesta, og det vil vere kontorlokasjon på begge sider av Sognefjorden. Dette er ei unik moglegheit til å vere med frå starten – og bidra til å forme korleis tenesta skal arbeide, samarbeide og utvikle seg. Du vil bli ein del av eit nytt og større fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers av kommunar og tenester. Stillinga vil halde fram i den nye tenesta. 

Me har ledig: 

  • Ei fast stilling, 100% kontaktperson/sakshandsamar 

Arbeidsoppgåver: 

Som kontaktperson/sakshandsamar vil arbeidskvardagen i hovudsak bestå av sakshandsaming etter Lov om barnevern, der du vil både ha ansvar for undersøkingar og oppfølging av hjelpetiltak. Du vil vere barn, unge og familiar sin nærmaste kontakt i barnevernet, og ha ansvar for å vurdere og sikre dei naudsynt hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid. Arbeidet har ei hovudvekt av frivillige hjelpetiltak i heimen. Samtidig som det er forventa at du følg opp komplekse saker med både høg og akutt bekymring, og følg sakene i ev. rettslege prosessar.  

Sogn barnevern har utarbeida gode prosedyrar og rutinar for tenesta vår. Me er oppteken av at gjeldande lovverk, forskrifter og rundskriv vert fylgde. Som tilsett i Sogn barnevern er du ansvarleg for å samarbeide godt i lag med alle våre brukarar og samarbeidspartnarar, og å delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid. 

Kvalifikasjonar: 

  • Bachelor i barnevern eller sosialt arbeid. Søkarar med relevant helse- og sosialfagleg utdanning kan bli vurdert.  

  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner. 

  • Ønskjeleg om erfaring frå kommunalt barnevern/tilgrensande tenester. 

  • Ønskje om erfaring frå sakshandsaming. 

  • Førarkort: klasse B/automatgir. 

  • Tilfredsstillande politiattest må framleggas ved tilsetting. 

Me ser etter deg som har: 

  • Erfaring frå kommunalt og/eller statleg barnevernsarbeid eller tilgrensande tenester. 

  • Relasjonskompetanse. 

  • Kompetanse i samtaler med barn. 

  • Jus kompetanse. 

  • Minoritetskompetanse. 

  • Erfaring i konflikthandtering. 

  • Erfaring frå det digitale fagprogrammet Visma Flyt barnevern  

Personlege eigenskapar: 

  • Me søker ein kollega med høgt fagleg engasjement og integritet, med evne til å opptre raust, audmjukt og tydeleg overfor barn og familiar som er i behov av hjelp frå oss.  

  • Du må vere ansvarsbevisst og sjølvstendig, og ha evne til å både ta eige initiativ og samtidig vere lydhøyr og lojal.  

  • Du må ha gode haldningar og evne å samarbeide godt, både med familiar, internt i tenesta og med våre samarbeidspartnarar.  

  • Du er ein positiv person som ser moglegheiter og er opptatt av å bidra positivt i arbeidsmiljøet og robust nok til å takle utfordringar og stress.  

  • Du er ein person som meistrar å oppretthalde ein god struktur, oversikt og fagleg perspektiv i arbeidet ditt. Du skal samtidig ha gode analytiske ferdigheiter.  

  • Du er fleksibel og trivst med utfordringar og endringsarbeid, og du har evne til omstilling og å kunne tilpasse deg nye krav. 

  • Me vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga 
     

    Kva får du hjå oss: 

    • Du får bidra til at risikoutsette barn og unge får betra sine omsorgstilhøve, og at familiar får ein betre kvardag.  

    • Du får vere med å løfte oss slik at me kan gje barn, unge og deira familiar endå betre tenester.  

    • Me har eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling gjennom opplæring, rettleiing og samarbeid intern og med andre. 

    • Systematisk opplæring, og vekentleg rettleiing det første året. Deretter deltek du på/mottek du rettleiing annankvar veke. 

    • Me er ein sosial og inkluderande gjeng som finn på kjekke aktivitetar i og etter arbeidstid.  

    • Ein spanande og god arbeidsplass med flinke og engasjerte medarbeidarar og spanande arbeidsoppgåver der det dagleg vert jobba med å kvalitetsutvikla tenestene våre. 

    • Ein variert arbeidskvardag, med stor fagleg og arbeidsmessig autonomi.  
      Arbeidstid er hovudsakleg dagtid, samtidig som det er forventing om noko justert arbeidstid for gjennomføring av t.d. heimebesøk og akuttarbeid. 

    • Løn etter avtaleverket. 

    • Gode pensjons- og forsikringsordningar. 

      

    Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. 

    Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

    Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit. 

    Intervju vert gjennomført 27. og 28 juli 2026.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Elin Pettersen

    99286156

    elin.pettersen@sogndal.kommune.no

    Om bedriften

    Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    eb78bc3a-dacb-4f55-b7ca-e3aca9432344

    Sist endret

    2. juli 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3643495_198529_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser